Gå til hovedinnhold

Kokkvold og Norsk Presseforbund stiller seg ikkje bak bloggplakaten

slik mange let til og tru, og slik Thomas Moen og co ønsker å gi inntrykk av. Eg ringte dei og spurte idag.

Bloggplakatens førsteutkast ligg her.

Norsk Presseforbund stiller seg ikkje bak bloggplakaten, slik mange let til å tru. Dette er viktig å klare opp i, all den tid mange har trudd at dei gjorde nett dette.

Red: Sjå feks denne bloggposten som uttrykker bekymring for at Presseforbundet skal stå bak.

Vidare: (dette er ikkje sitater frå NP, men mine eigne).

Plakaten er mynta på rosabloggarar/ kommersielle bloggarar, og er ikkje passande å tre nedover hodet på alle som ein generell bloggplakat.

Det må tydelig presiserast kva slags bloggarar plakaten gjeld for.

Det er betenkelig at Moen og co prøver å få det til å framstå som om dei har Norsk Presseforbund og Kokkvold i ryggen for å gi legitimitet til eit produkt dei fleste seriøse bloggarar tek avstand frå.

Var det ikkje bloggplakaten som oppfordra til "redelighet" og "folkeskikk"?

Moen og co kan jo starte med seg sjølv: ikkje lyg, ikkje spre usanningar eller lett tolkbare påstandar. Du har fått det til å framstå som om Kokkvold og co er bak din rygg, neppe uintendert. Ufint.

Moen påstår no at han ikkje tek Kokkvold og co til inntekt. Spørsmål: kvifor har han då namedroppa dei som støttespelarar?

Godt initiativ med bloggplakat seier mange. Eg kan potensielt stille meg bak at vi kan ha ein plakat, men då må det gjerast på redelig måte. Moen har kommersielle interesser, men desse vil han ikkje snakke om. Er han ein good guy som kun ønsker å mistenkeliggjere oss bloggarar?

Eg siterer Ab imo pectore:

Bloggplakaten oppfordrer til ærlighet, transparens og folkeskikk, samtidig som den advarer bloggleseren om å tro at blogger har disse kvalitetene. Bloggplakaten hevder bloggerens krav(!) og rett til å skrive hva som helst som er lovlig, men pålegger annonsøren et ansvar for at bloggeren følger norsk lov. Bloggplakaten hevder å gjelde på tvers av plattformer, men adresserer i hovedsak problemstillinger relevant for kommersielle blogger og blogger rettet mot et ungt publikum. (dessuten undervurderer den sitt unge publikum) " sitat slutt.

-
Vi anar heller ikkje kven Moens såkalte oppdragsgivarar er: dei som ønskte seg plakat. Er dei like fake som at Pressforbundet liksom stiller seg bak? Kva er løgn i Moens spel om online power? Ingen veit. Det er problemet. Vi aner ikkje kva han bedriver fordi han spelar i kulissene og ikkje opent. Han har ikkje tatt bloggarar med på råd. Han opererer for seg sjølv. Kanskje ikkje så rart.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys