Gå til hovedinnhold

Rapport frå opning av nytt kunstmuseum i Førde - hummer og kanari, eller tenker dei ta valg, på sikt?

Igår var det opning av kunstmuseet i Førde. Eg trappa opp iført eit kulturelitetilpassa antrekk med hipstersko og tilbehør. Den første fyren eg gjekk på var Frank Willy. Han stod bak ein diger betonogklosse og hørte ingenting saman med Ove. Her er eit bilete av oss. Betongklossen er til venstre.


Eg stilte meg opp på same flekk og høyrde like lite.



Etter ei stund avslørte vi at Hans Jakob Reite stod like ved og lata som om han var i sivil. Reite var i eit heidundrande Reite-humør og skapte voldsomt bra stemning i køa, der vi stod som sild i tønner og fekk angst kvar gong døra stengte seg: KJEM VI IKKJE INN?? men så opna den igjen og nye slapp inn. Som ein god gamal uteplass, humra Reite.


Reite hadde på seg eit slips med kyr på.


Oppå betongklossen stod ein megasvær turtles-trompet som vi hadde ein lang samtale om korvidt kunne brukes i ein valgkamp. Alt vi måtte bedrive fordi vi ikkje hørte eit einaste ord av verken den eine eller andre talen. Eg ante heller ikkje kven som snakka sidan denne informasjonen ikkje var lett å finne verken her eller der på web i forkant. Fuck google.
 


Her er eit nærstudie av Frank sine sko.

 
Det vi forsøkte å høyre, før dørene opna, var opningstalen. I følge Firda var der 1100 oppmøtte ved opninga, ifølge NRK 700, så eg er litt usikker på kva eg skal tru, men fullt var der iallefall, og ingen sjans å høyre kva som blei sagt. Talen vart halden til høgre, rundt hjørnet for denne klossen og heile plassen var full av folk. Det gjorde i grunn ikkje noko at vi ikkje hørte talen. Vi hadde det nemleg heidundrande festleg i køa og diskuterte ei rekke tema som ikkje eignar seg her.



Det er nærliggande å tru at arrangørane hadde feilrekna publikumstala, ellers hadde dei nok fiksa seg eit betre lydanlegg. Men eg er ikkje sikker. Seinare på dagen stilte nemleg direktøren seg til å tale i ein krok ved inngangsdøra. I ein krok ved inngangsdøra! Ja, du hørte heilt rett. Kvifor ikkje tale frå ein trappeoppsats eller i ein av dei store utstillingssalane? Dette er trass alt eit kunstmuseum! Ein må tenke kreativt, ikkje vere så beskjeden. Og lydanlegg er da ikkje så vanskeleg å skaffe, eller hur? Så eg hørte ikkje eit einaste ord, ein einaste gong, av noko som helst som vart forsøkt sagt. Og sidan ingen tidspunkt for taler var annonsert, visste vi ikkje når vi skulle oppsøke desse krokane.


Etter at vi ikkje hadde hørt talene, spelte turtles-trompeten for oss. Det var ganske bra lyd i den, kan vi sei, og slik lyd kan eg like. Nokre heldt seg for øyra, men det gjorde ikkje vi!!! Vi var heilt i transe!!



Det var ein trompet etter min smak, og eg må sei det var ein særs bra lyd for opning av eit så gigantisk museum i fuckings Førde. Ja, for dette museumet er så stort og ambisiøst, og gir slike enorme forventningar med si framtoning, arkitektur og inventar, at det må faktisk levere for ikkje å ramle fullstendig gjennom som ein parodi på seg sjølv og eige overmot.


 I køa hadde vi veldig god tid. Ove hadde med seg boka mi som han skulle ha signert...


... så eg teikna ein traktor!! Pluss ein ridekatt.


Det første vi som skikkelege sunnfjordingar gjorde, før vi fekk mat vel og merke, var å signere gjesteboka. Så gjekk vi laus på første etasje.


I museumsbutikken i var der ein vegg smokk full av bilete. Dei hang så tett at det var i grunn vanskeleg å få noko inntrykk av bileta, og dei var festa til eit gitter. Eg må sei dette fall meg virkelig ikkje i smak. Det var rotete og kaotisk, og minna meir om eit utsalg av blinkande bilete på Grønland i Oslo enn ein butikk på eit moderne kunstmuseum. Greit nok, det er bilete av lokale kunstnarar som hadde så og sei krav på å få stille ut bileta sine på opningsdagen, men denne presentasjonen av bileta var virkelig verken fin eller funksjonell. Less is more, er det noko som heiter, og det gjeld virkelig for denne veggen. Eg fekk ein følelse av både amatørkunst og av amatørframstilling.


Så gjekk vi på desse Kjartan Slettemark-inspirerte damene! Dei var kjempesøte med stor innlevelse!


Og desse vinglasa som kosta drøyt over tusenlappen.


I butikken stod også desse forferdelege monstera som mest av alt likna på noko eg kunne ha laga på ein svært dårleg dag på sløyden på barneskulen. I det heile var det eit ganske kraftig innslag av kunsthandverk i butikken. Digre krukker, skåler av leire og monstrøse tannpirkehaldarar. Samt flygande grisar med kjempekuk. Desse grusomme keramikkmonstera var også utstilt i tredje etasje, så dei var altså laga av ein lokal kunstnar i fylket, og plukka ut til opninga.


Heiane for nokre monster. Minna nesten om ein irrelefant!


Slik som dette såg det ut i museumsbutikken. På hylla her står det enda fleire monster. Eg ante ikkje at Sogn og Fjordane var eit fylke for monsterkunst, men det er det altså.


Det var eit utvalg av kunstbøker, og eit lite innslag av barnebøker i butikken.


I eit rom i første etasje var min definitive favoritt. Ein innstallasjon av lys og lyd. Best av alt funkar den når ein er aleine i rommet. Og kunst funkar trass alt best når ein slepp gå i kø, men kan ta seg tid, og sidan det var så masse folk, tok eg meg ein ekstra runde etter at alle andre hadde gått. Da fekk ein eit betre inntrykk av utstillingane.


 
Museumsbutikken sett frå trappa på veg mot andre etasje. Det som var veldig genialt, var at utstillingssalane i andre og tredje etasje hadde skyvedører som opna og lukka seg, slik at når du var inne, hørte du ikkje bråket frå butikken og trappa. Det var veldig smart og praktisk. Museumssalane var ganske stille sjølv om trappa var full av folk.
 

I andre etasje var denne utstillingen. Den var faktisk ganske stilig når ein fekk sett den aleine, men førstinntrykket, ilag med alle folka, var litt kaotisk. Da eg gjekk gjennom museet aleine på slutten, kom eit ektepar inn. I god sunnfjordsk stil tok dei godt tak i kunstverket for å vurdere kvaliteten, samt drog i gang ein diskusjon om korvidt dei  sjølv hadde gidda klippe til eit stoff i dette mønsteret. Det var litt funny, men ein særdeles praktisk tilnærming til kunst, og eg trur kanskje ein skal ha dette i mente: kva er det folk her vil sjå i grunn? Er dette kunst som vil falle i smak? For museet er vel meint for folk lokalt, eller er det meint som eit signalbygg som skal lokke til seg folk frå andre stader, som ein attraksjon? Eg meiner det første bør vere målet. Og kva kunst liker vi her i området? Monster eller avanserte mønsterklipp i tepper i fire lag som heng frå taket? Og kvifor ikkje Stig Eikås? Kunst skal ikkje berre vere noko som står der, det skal også skape engasjement, debatt og diskusjonar. Det har god kunst gjort til alle tider. Så kva ønsker ein seg rundt kunsten i Førde?



Her var også nokre underlege oppsett av stoff på eit bord. Dei var rett og slett ikkje særleg kreative. Det er eit eller anna med at når ein ser god kunst, så ser ein god kunst.


Og ei masse klede som best av alt passa på kulturkjerringar, om ein skal nytte eit slikt uttrykk. Tilgi meg.

 Dette antrekket var betre. I andre etasje var ikkje verka merka, så ein visste ikkje kven som hadde laga dei. Det var visst fordi arka låg att i ein printer ved ein feil, men likevel.


Etterkvart gjekk eg på Fridtjof, men då var kamera tomt for batteri så vi får nøye oss med eit bilete av kontoret hans!


Eg traff sjølvsagt på Georg Arnestad som stod i trappa og hadde eit hemmeleg møte med nokre skumle menn som spurte om eg hadde mange dyr å passe på her i Sunnfjord. Eg syns no dei hadde dårleg humor, men fekk iallefall tatt eit pent bilete av meg og Georg! Vi er no søte!

 
Etter å ha fotografert Georg, gjekk vi vidare til tredjeetasje. Eg må sei eg liker trappa. Den er ganske massiv og med blå rekkverk, men kvifor heng det ingen kunst på veggane i trappeoppgangen? Det er gjort ein del grep her som er litt vanskelege å forstå. Kvifor er ikkje Stig Eikås stilt ut, men ein haug med monster som virkelig ikkje har noko på eit slikt museum å gjere? Kvifor var der ikkje fleire bilete laga av Oddvar Torsheim?? Ja, han er mann, og ja der er mange menn som lagar kunst i Sogn og Fjordane, men kva er det folk vil sjå? Eit kunstmuseum i Førde kan ikkje kjøre same løp som eit i Oslo, kort sagt grunna anna målgruppeunderlag og anna publikum. Dei kan ikkje satse kun på avantgarde, men dei kan ikkje heller satse på alt av lokale kunstnarar. Dei må gjere visse valg, og her var det ikkje gjort valg når ein laga opninga. Her har ein heilgardert seg. For å få sympati og unngå diskusjoner og krangel? Eller? Dette er i fall ei farleg felle å gå i for eit kunstmuseum. Det skal ikkje gjere alle til lags, det må gjere valg. Utfrå programmet for høsten, ser det ut til at der kjem ein del bra innslag framover. Eg skal følge med.
 
Velkommen til tredje etasje! Her var det utstilt ei rekke utvalgte verk laga av kunstnarar i fylket.


Frank poserer framfor eit bilete av den glitrande fotograf Apneseth...


 .. der tjue kokkar var plassert mellom røra.


Og her var tre poteter med fjør på. Nei, ikkje spør.


Potetkunsten inngår nok under monsterbegrepet, men ka i hulaste... har det her å gjere!


Denne sitteinstallasjonen var fin. Det stod S T E D, og ein kunne sitte der. Fint om ein skal ha konsertar eller opptredenar i denne utstillingssalen. Det var dessutan estetisk og stilig, i stil med at dette er eit imponerande bygg som fortjener imponerande innhald.


Og der, i ein krok, inntrengt mellom andre bilete, altfor tett hengt på veggen, hang to bilete, TOOOO BILETE av Oddvar Torsheim. Der stod Oddvar Torsheim og signerte kort. Usikker på om eg hadde gidda om eg var han. For ei behandling av Torsheim! Treng inn mellom kjerringkunst, forferdeleg krukker brent i vedfyrt ovn og nokre store blomar som kunne ha vore klipt ut ei scrapbook.

Nei, kall det gjerne demokratisk at alle skal sleppe til, men ønsker ein å levere kvalitet? Stille ut lokale kunstnarar uansett kvalitet (potet)? eller kva vil ein i grunn med museet? Det fekk eg ikkje grep på. Bygget var det som imponerte meg. Ikkje innhaldet. Og det var ein skrekkeleg triveleg dag. Vi hadde det skikkeleg artig på opninga, men du store alpakka, det var ikkje utstillinga sin feil. Det var folka.


Oddvar Torsheim !!! I love you.


Sjekk denne innstallasjonen. Gives you nothing. Og nei, det er ikkje første gong eg er på ei utstilling. Dette er ikkje bra kunst.


Men dette var enda verre. Blomar på veggen. Kunne hengt i kantina kanskje, men ikkje til utstilling. Lokal kunstnar, men ja.


Her er ein av dei bileta som virkelig heldt kvalitet. Foto av eit landbruk i forfall... Profesjonelt, og det kan eg like.


 .. og ein velta traktor. Kudos


Og her er dei, monstera. Fekk lyst til å gå heim og lage trolldeigfigurar.


Så la vi i veg opp trappa mot fjerde etasje og takterassen.


Her ser eg føre meg ein skikkeleg utepub med glam og glitter, samt minst tjue typar øl. Stil må ein ha. Her vil eg også ha god rødvin servert etterkvart.


I trappa møtte eg på Oddvar Torsheim. Sidan han er ein slik flott kar, fekk han ei bok av meg. Eg teikna ei ku, men folk som gjekk forbi påstod det var ein kamel, og Frank sa det var definitivt ein hest. Eg følte meg som ein slags mislukka kunstnar.


Vi er så søte!!! Hipster- meg og hipster-deg! Og Torsheim angrar seff på at han var høg og mørk for tretti år sidan!


Oppsummering: dette var ein heidundrande kjekk dag. Det var ein virkelig happening, og vi kosa oss skikkeleg, men eg må sei det var hummer og kanari av ei utstilling.


Her er for eksempel to typar flugepapir med fluger på, innramma. Greit nok, men... ??


Vi fekk også mat og brus. Eg såg eit par sunnfjordingar som, sikkert fordi dei var svoltne, stappa ei mengde kjeks i lomma, stikk i strid med all etikette. Greit nok. Men igjen: dette må vere eit museum for folk i fylket. Korleis skal ein få til det? Korleis skal ein kunne forsvare dette massive bygget? For det må ein kunne gjere.

Folk flest går ikkje på kunstmuseum. Slik er det berre. Det er nokre som går, og kven er desse nokre og kva vil dei sjå? Eller tenker ein skape eit museum som "alle" vil gå på, og då tenker eg ikkje på alle, men fleire enn dei som vanlegvis nyttar seg av slike tilbod? Og igjen tenker eg, om ein skal ha eit slikt museum som dette, så svært og ambisiøst i utforming og arkitektur må ein tenke på målgruppa. Er dette gjort? Kva skal ein fylle det med? Kven er det for? Etter opningsdagen er eg veldig usikker, men eg håper virkelig det blir bra. Bygget står der, det er fantastisk. Vi må berre ønske lykke til og håpe institusjonen ikkje tenker gå på sjølvstyr. Det verkar den ikkje ha god nok dømmekraft til å kunne gjere.
 

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys