27. sep. 2013

Mensen Ernst - Noregs første profesjonelle idrettsutøvar sprang for livet. Tradisjonelt teater med humor

Tirsdag var eg og såg generalprøven på Mensen Ernst ved Sogn og Fjordane teater i Førde.

Dette er historia om husmannssonen frå Fresvik i Sogn som måtte flytte heimanfrå etter konfirmasjonen fordi heimen var så fattig. Som sprang til Bergen der han fekk hyre ombord i eit skip som sank, seinare vart ven med den overlevande kapteinen og sette på dotter hans ved eit par høve, utover i handlinga. Mensen Ernst sitt liv, fiksjon og fakta, i levande teatermiks. Han heitte eigentleg Mons Monsen Øyri, og var fødd i juni eller juli 1795.  Mensen Ernst var eit kunstnarnamn han tok seinare i løpekarrieren.


Mensen Ernst sprang. Og han sprang, og han sprang. Og sprang litt til. På scena tilbringer han minst halvparten av tida på eit løpeband, slikt som dei har på treningssenter, klissvåt av sveitte. Første del av stykket, fram til vendepunktet, spring han i ei ledig tøydrakt, bukse og jakke, med belte rundt livet, i skinnsko. Enkelt, anonymt og i ein jordfarge som gir tankar om eit naturmenneske eller ein gjetar. Eit slags bibelsk antrekk, kanskje, men så var også Mensen Ernst fascinert av det gamle testamentet som barn. Der las han om Nilen, og heilt sidan han var liten drøymde han om å finne Nilens kjelde. Han påberopar seg gudstru, og den som trur, får tilgjeving for alt. Han slår ein mann over bord frå livbåten då skipet synk. Den eine må vike om den andre skal overleve. Det er fiksjon og parallellar til Peer Gynt.


Så kjem vendepunktet i London. Dei enkle kleda fell, og Mensen Ernst stiller til løp i påfuglkostyme med påfuglfjøyr på ryggen. Journalistane flokkar seg rundt denne galne nordmannen som spring og spring. Han blir tilboden kvinner, vin og avisframsider. Han er i ferd med å bli kjend, slik han ønsker. Han blir sett og lagt merke til, kan omgås dei rike og dei berømte og vert sjølv berømt. Journalistane ser på han med beundring. Seinare skal dei sjå på han som galen. Ein som bør leggast inn og sperrast inne, men enno er dette ei stund til.

Men stakkarsleg vert han, eller patetisk i andre sine auge. Når han spring for å imponere den danske kongen, spring han som ein klovn. Dei spring etter han med pengar, og så vert han vifta vekk. Kongen kjedar seg. Mensen Ernst er nok ein påfugl blant påfuglar. Vi synest synd på han. "Ta penga og stikk, gjøglar." Du høyrer ikkje heime hos oss. Du høyrer ikkje heime nokon stad.

Etterkvart gjer han seg sjølv patetisk, i kraft av eiga framferd. Vi skjemmes over han der han roper ut at han er ein stor mann, ein langt større mann enn han i kraft av seg sjølv og eigne prestasjonar maktar å vere. If you have to tell someone you are a lady, you are not. Sitat Margaret Thatcher. Når Mensen ropar over seg om at han er hertug og konge, ramlar han i aktelse. I kraft av si eiga sjølvhevding vert han ein klovn.

Han døyver all smerte, all fortid, alle minner, ja alt, med å springe. Han spring frå by til by i Europa, frå Tyskland til Italia, frå Paris til St. Petersburg.

Mensen Ernst inngjekk eit veddemål om at han skulle springe frå Paris til Moskva på femten dagar. Året var 1832, og julirevolusjonen var over. Mensen Ernst hamna i 1830 midt oppi det heile, raude faner vaiar over scena og store folkemassar herja i Paris. Det var såvidt han kom seg levande frå det, men det gjorde han, og i juli 1832 la han ut på det store løpet mot Moskva.

Å springe denne distansen var livsfarleg, og Mensen Ernst sprang aleine. Det fanst ikkje like gode vegar som no, og han sprang både dag og natt. Han passerte gjennom store skogområder, over myrar, forbi ulveflokkar, bjørn og lokalbefolkning som ikkje alltid var like venlegsinna. Han vart fanga av fulle bønder som batt han fast på ei kjerre, men Ernst sa han kunne springe om kapp med hestane deira. Dei slapp han fri, og Ernst stakk av.



Seinare på vegen vart han arrestert og sperra inne, men rømte gjennom pipa. Han blei oppdaga, men sprang sjølvsagt frå forfølgarane. 25.juli 1832 klokka ti om føremiddagen sprang Mensen Ernst inn i Moskva, ein dag for tidleg. Han vart hylla, og fekk bu gratis i Moskva sitt beste vertshus i ei veke før han returnerte til Europa. 

Mensen Ernst sitt endelege mål var å finne den kvite Nilen sitt utspring, men så langt kom han aldri. Han sprang via Jerusalem til Egypt, men døydde av dysenteri på vegen, og vart gravlagd i Aswan, i Afrika. Grava hans ligg no antakeleg under Aswandammen. Det høyrest kanskje trist og dramatisk ut, men Mensen Ernst er eit stykke spekka med humor, artige replikkar og skråblikk. Salen ler, og det gjer også underteikna. Stemningen er god, og det er ein topptrent Kyrre Eikås Ottersen som står i rolla som Mensen. Han må ha trent hardt på førehand.

Scenegrepa gjer at ein, særleg på slutten, får tankar om Peer Gynt. Særleg når scena vert mørklagd, karakterane rundt held lys i hendene og teppet bak på scena viser fargar og lys som minner oss om Afrika, er parallellen til Gynt tydeleg. Og på mange måtar er Mensen Ernst ein Peer Gynt.

Det bakre sceneteppet som vart lyssett med ulike motiv. Alt frå byar, til hus, stader og stemningar. Det var eit stemningsskapande og effektfullt scenegrep. Når Mensen Ernst sine musklar verkte, vart bakteppet dekt av eit stort bilete av muskelceller, og hovud stakk ut mellom remsene i teppet og ga musklane stemmer der dei klaga over kor vondt dei hadde det, og kor galen Mensen var som sprang og sprang utan omsyn til kroppen. Å lys- og bildesette bakteppet gir ein veldig stemning på scena, og utvidar rommet og assosiasjonane.


Storymessig er Mensen Ernst ei tradisjonell linjær fortelling. Helten hoppar hinder, frå hinder til hinder, og ser seg lite tilbake utanom dei obligatoriske scenene der han tenker på foreldra og undrar på kvifor han spring. Helten passerer gjennom stykket som gjennom ei hindreløype, frå start til målstrek. Historia er ikkje sirkulær, og sirkelen for Mensen Ernst vert heller aldri slutta. 

Spenningsmessig fører dette til ei slakk spenningskurve der spenningen heng i "kva blir det neste", "kva skjer", for vi forstår etterkvart at alt Mensen Ernst gjer, er å springe frå skanse til skanse. Karakterane rundt blir kulisser, dei deltek aldri i relasjonar til Mensen, utover overflatisk. Han spring raskt frå dei, stadig vidare, utan ro. Eg hadde gjerne sett meir ambisiøse fortellargrep. Å basere seg på tilskodarens goodwill over eit såpass langt stykke krev mykje humor, sprell og gode scener for å vege opp for mangel på spenningskurve. Og dette greier stykket levere.

I lengda kan eit såpass tradisjonelt fortellargrep fortone seg monotont, og vil også avhenge av at helten sjølv er i ei dynamisk utvikling, der heltens eigenskapar og endringar i seg sjølv skaper kurven. Dette lykkast ein med til ein viss grad. Mensen Ernst endrar seg, frå å vere ein fattig husmannsson, til å bli ein påfugl, til å bli ein patetisk påfugl, men kven er Mensen Ernst når han dør? Dette er noko uklart. Ein kan ta seg i å tenke at sirkelen er slutta når han er på veg dit han i utgangspunktet ønskte seg, til Nilsens utspring. 

Han er tilbake på den vegen han ein gong la ut på, då han drog frå Fresvik i Sogn. For ulikt Peer Gynt kjem Mensen aldri heim, han har inga mor Åse som ventar, og foreldra døyr i eit skipsforlis medan han spring i Europa. Søster hans avviser han når han bankar på døra, og igjen har Mensen ein grunn til å springe. Han spring for livet, og å springe er livet hans.

Wikipedia.
Han spring frå eit ekteskap med ei russisk overklassekvinne, og frå ei tysk kvinne som forelskar seg i han. Han spring for pengar og berømmelse, og i Napolens felttogs fotspor frå Paris til St Petersburg, men Mensen blir aldri nokon Napoleon.

Dør som ein oppdagelsesreisande, som løpekonge eller som ein klovn som ved livets solnedgang ser tilbake og tenker enkle tankar. Kva ville eg? Gjorde eg det eg ville? Slutten er noko brå. Men det kan også passe. På same måte som Mensen Ernst levde eit liv i bråvendingar og kast, kjem døden brått og går raskt. Lyset blir sløkt. Stykket er slutt.







Kom på teaterfestivalen i Fjaler 3.-7. oktober. Sjekk ut sida deira på Facebook.