Gå til hovedinnhold

Det er på tide at nynorskfolket sluttar å gjere det til ei belastning å vere nynorskbrukar.

Slutt å kjefte, målfolk

Lesarbrev i Klassekampen torsdag 20.januar 2011

Det er ikkje uventa at Allkunne viser vankunne i sin framgang mot Wikipedia. Klassekampens journalist Olav Brostrup Müller skriv i Klassekampen 15.januar det vi alle tenker: «Målsaken er altfor viktig til å blil overlatt til nynorskfolk».

Eg er skribent og bloggar. Eg skriv nynorsk. Eg skriv kort og godt nynorsk fordi det føles mest naturleg, men å berre meine at nynorsk er mest anvendeleg, er ikkje grunn god nok. Eg vert pepra huden full i at årsakssamanhengen for mitt språkvalg er langt meir komplisert. Det handlar visst om språkleg sjølvkjensle. Skriv eg bokmål har eg dårleg sjølvkjensle og vel eg sideformer tek eg avstand frå røtene mine. Det eine argumentet er meir patetisk enn det andre, og dei handlar om alt anna enn språket. Debatten om nynorsk minnar ofte om forkvakla psykoanalyse. Røynda verkar vere ein fjern stad for mange i nynorskens trange korridorar. Nynorskens folk fell stort sett i kategorien «uinteressante å diskutere med». Kvifor? Fordi dei kun godtek ei sanning: si sanning. Det kallast sneversyn. Samt at dei pratar lite realitet.

Nynorskens sure frøkner har også inntatt Twitter med høgnorsken sin. Her om dagen fekk eg høyre at det var betre at eg skreiv bokmål enn at eg skreiv nynorsk, med mindre eg kunne rette meg etter høgnorskens normer. Som Brostrup Müller skriv er grensa til psykopati relativt smal. Ein må berre synest synd på folk som har denne typen haldningar. Det er jo på jordet.

Og stakkars journalistane som blir utsett frå målfolkets psykopatiske krigarar. Eg kjenner, som Brostrup Müller, til ei rekke journalistar som mottar klagebrev og kjeft for dårleg nynorsk språk. Ein får langt på veg inntrykk av at nynorsk er nynorskfolkets største problem og hodepine. 

Ein profilert og prisbelønt norsk forfattar seier at det største problemet med å skrive på nynorsk, er nynorskfolkets sure oppstøt mot alt og alle. Denne forfattaren snakkar om nynorskfolkets mørke skuggar over nynorsken som språk. Mørke skuggar som skremmer mange unna. Denne personen orkar ikkje ta språkdebatten. Ikkje med nynorskens skyggeboksarar. For kvar bok vurderer vedkommande å byte til bokmål. Eg kan ikkje oppgi namn.

Og er det ikkje underleg at dei som skal vere nynorskens største forkjemparar blir sure når folk bruker språket?

Eg har gått fleire runder med meg sjølv: om eg skal skrive bok, skal eg då skrive den på nynorsk?
Men eg har landa på ja. Om dei skal brøyte seg fram som råtne brøytebilar i nynorskens landskap skal det bli moro å finte dumheita utover sidelinja. Ligg unna med psykoanalysen dykkar, målfolk. Ta dykk saman, utvis toleranse og innsjå at nynorsken ikkje er dykkar aleine.

Slutt med sytinga, slutt å kjefte på nynorskbrukarar og andre som faktisk gir nynorsken eit ansikt i det offentlege rom. Det er på tide at nynorskfolket slutt å gjere det til ei belastning å vere nynorskbrukar. Vi vil ha nynorsk i Norge om hundre år også, vil vi ikkje? Ok. Vi er einige. Då må de endre strategi. Strategien må endrast no. Ikkje om ti år.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys