Gå til hovedinnhold

Total makeover for afrikabiff

Biff frå Uganda er eit vestleg eksperiment.

Desember 2010. Eg har reist til MUL-landet Uganda for å besøke UMPCU (The Uganda Meat Producers Cooperative Union) der Nortura og Norad er involvert i å utvikle ein ugandisk kjøteksporterande industri. Målet for eksporten er den europeiske marknaden.

Denne artikkelen stod på trykk som Signert-artikkel i Klassekampen 21.mai 2011.
Les også: reportasjen frå Uganda om slakteriprosjektet.

Som MUL-land (Minst Utvikla Land) har Uganda toll- og kvotefri adgang for kjøt til Europa, men i 2010 kom under ein halv prosent av den totalte importen til Norge frå nulltolland. (Det finst 64 nulltolland).

Mange spør seg kvifor vi då ikkje importerer kjøt derifrå. Dei snakkar om manglande vilje til import frå fattige land, men dette er langt frå heile sanninga. Skal Uganda eksportere, må Uganda tilpasse sin standard til Europas, standarder for import. Nokre meiner at våre standarder er handelshindringar, andre meiner dei hjelp oss halde oppe trygg matkvalitet.

Smitte. Europa har verdast tøffaste hygienekrav til kjøt, krav som Uganda per idag ikkje i nærleiken av å innfri. Uganda slit med munn og klauvsjuke i tillegg til ei rekke andre smittsame andre sjukdommar. For å få kontroll over desse, vil ein etablere smittefrie soner, disease control zones (DCZs). Dette har ein frå før av gjort i Botswana. Alle dyr i sonene må vaksinerast, identitetmerkast med øyremerker med nummer, og gå gjennom ulike helsesjekkar før dei er godkjent for slakt.

Kostnadene for etablering av tre smittefrie soner i Uganda er estimert til 11 millionar dollar. Kostnadane er så høge at eksport til Europa i praksis aldri vil lønne seg.

Erik Solheim (SV) snakka i VG i 2009 varmt om at ein skal gjerde inne 2 millionar dyr og så vaksinere dei. Det høyrest enkelt ut, men det har store sosiale konsekvensar når ein skal tilpasse eit utviklingsland til våre krav. Sonene er innegjerda med 2,5 meter høge gjerder. Desse skal hindre smitte frå og kontakt med eventuelt sjuke dyr utanfor, men dei avskjer villdyrs vandringar, og deler opp lokalsamfunn og familiar. Dette er påpeikt som ei stor utfordring i Uganda.

Slaktehus. Dyr som skal til Europa må så slaktast ved slakteri som tilfredstiller våre krav til slaktehygiene. Uganda er svært langt frå dette i dag. Her slaktar ein halal med mansjete utan bedøvelse først, og slaktinga foregår på golvet.

Økologiske utfordringar, kurasar. Kvite menn i Afrika vil alltid har med seg sine eigne kyr, fordi vi anser dei som betre. «The genesis of Bonsmara», eller «Skapelsen av Bonsmara» er historia om korleis ein tok kyr frå Europa til Afrika, og korleis ein vrengte hovudet sitt for å forstå kvifor desse dyra ikkje trivdes, før ein til slutt skjønte at kyrne rett og slett ikkje var skapt for eit liv i Afrika, men for eit europeisk økosystem. Bonsmara er idag Sør-Afrikas viktigaste kjøttferase. Ein selekterte på dyr, og greidde til slutt skape ein rase som takla eit tøft afrikansk klima på same tid som den er høgproduktiv.

I planane for eksport av kjøt frå Uganda, låg der også inne planar om å få til betre rasar og betre dyr for å auke produksjonen. Idag har dei mykje Ankole-kyr, ei lita ku etter norsk standard, knapt 400 kilo, som produserer ein til to liter melk om dagen. Horna er ein meter lange.

Heller ville ein innføre Simmental og Hereford-kyr. Simmental si stambok går tohundre år bakover i tid, til Sveits. Hereford kjem frå Storbritannia. Begge er kjøtferasar. Slike rasar kallast «eksotiske», eller utanlandske, og mange av dei er ikkje i stand til å produsere når dei kjem til Afrika. Dei blir sjuke av smitte som dei lokale rasane ikkje reagerer på, og krev høgare innsats i form av ettersyn og vaksiner. Dette er dyrt.

Ein farmar fortalde meg at tjue prosent av buskapen hans er Holstein-Friesians. Dei tek seksti prosent av veterinærbudsjettet hans. Holstein er verdas beste melkeku, opprinnelig frå Nederland, men den krev stort påfyll av kraftfôr for å produsere. Og kvar skal det kome frå? I India har det utvikla seg til eit stort problem at staten prakkar på folk Holstein-Friesians. Dei overlever rett og slett ikkje hos ein fattig bonde med skrale beiter.

Eg meiner ikkje å fortelle ei historie om håløshet. Eg har to poeng. Det eine er at vi står overfor handelsutfordringar ein ikkje kan løyse med eit knips mot tollbarrierar. Grøn revolusjon og ønsket om å hjelpe krev omfattande innsikt i økologi og lokalsamfunn, ikkje berre innsikt i teori rundt WTO og IMF.

Tidsrammene for å klargjere Uganda for kjøteksport til Europa, var opprinneleg sett til fem år. Ein konkluderte i april i år med at det ikkje er realistisk å nå den europeiske marknaden i overskueleg framtid. Utfordringane er for store.


AnneV

veterinær og journalist
drog i desember 2010 til Uganda og besøkte Norturas slakteriprosjekt på Norads journaliststipend

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Villsauliv på Værlandet

Brenning av lynghei. Ny næringsrik lyng kjem opp og blir fine beite. Her går sauene ute året rundt.

Bønder er meir nyttige enn skribentar

Eg ser at frilansjournalistane Marit Bendz og Heidi Hattestein frå Førde har fått utmerkelsen "Årets frilansere" Eg gratulerer. Då eg såg på Bendz sine bilder på sida hennar Skrifta og veggen , fann eg dette sitatet: "Den som rydder mark, gjør menneskeheten en større tjeneste enn alle Europas skriblere", Voltaire. Eg og ein skribentkompis sat nett idag å diskuterte nettopp dette. I sommar var det nemleg ein bonde som gjorde eit stort poeng, det ut av at han forvalta fleire millionar (ni) kroner enn meg. Han var visstnok ein betre og meir nyttig, meir hardtarbeidande og ærleg samfunnsborgar enn meg (kva er dette slags argumentasjon?), og eg sat å høyrde på og tenkte omtrent dette: gi faen i å dynge meg ned i dine mindreverdighetskomplekser. Eg tjener mine penger til livets opphald, du dine. Eg har valgt min måte å gjere det på, du har valgt din. Det er ikkje min feil at du må springe frå fem om morgonen til tolv om natta kvar dag heile året. At du spring på denn