Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november 7, 2006

Justismordet Hetle-saka (Filologens desembernummer 2006)

AnneViken-blog Hetle-saka: Ei slagmark for rettsmedisin og bygdesladder I haust er det hundre år sidan eit av Noregshistorias grovaste justismord fann stad på Viksdalen i Sunnfjord. Av Anne Viken Søndag 19.august 1906 vart Henrik Hetle funnen død på Hetlestølen i Viksdalen. Kort tid etter at Henrik Hetle vart meld sakna, spreidde mistanken seg som eld i tørt gras mot naboen Mikael Hetle og sønene Ole og Mateus. Få visste då at dette skulle bli starten på saka redaktør Oscar Pedersen i Bergens Arbeiderblad i 1907 omtalte som ”et av de forferdeligste justismord som er begått så lenge norsk rettsvesen har eksistert”, skriv forfattar Gaute Losnegård i dokumentaren Død og pine. Justismordet Hetlesaka som nyleg vart lansert på Selja forlag i Førde. Verken Storting eller høgsterettsadvokatar skulle klare å stanse snøballen av bygdesladder, bastante rettsmedisinarar og hypotesemakeri som her hadde starta å rulle. Mellommenneskelege forhald, dårlege ekteskap og nabokranglar vart rota saman

Integrer, ikke stempl (Dagbladet søndag 17.september 2006)

Integrering, ikke stempling Norsk offentlegheit stemplar polske arbeidarar som den nye underklassen. Anne Viken Redaktør i argument, student og journalist MIGRASJON: Arizona, USA. Skarpskyttarar kjem opp frå veigrøfta, speidar utover landskapet. Ørkenen strekker seg endelaust. Amerikanske militærkøyretøy med skarpladde maskingevær passerar min Ford. Eg køyrer gjennom slummen i bakgatene i Las Vegas, i New Orleans, gjennom den milelange slummen ved den meksikanske grensa i El Paso full av skur med tøyfiller framfor døra. Seks månader tidlegare. Eg ligg på alle fire å kravlar langt inni tarmsystemet på ei dau ku langt ute på prærien, flugene svirrar og termometeret passerar eit altfor høgt tal på Fahrenheit-skalaen. Etterpå sit eg på ei tom ølkasse, ser sola gå ned over prærien og får sendt over ei ny flaske Bud Light. Eg er mobil, har kryssa eit hav og havna på ei side der ølet er lysare, klasseskilla større og kyrne fleire. Eg jobbar på ein farm der statlige rassia prøver å avdekke d