Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november, 2010

Smått ikkje godt

Kvalitet blir ikkje avgjort av «skala». Denne artikkelen stod på trykk som signert-artikkel i Klassekampen 27.november 2010 I Norge snakkar vi mykje om kvalitetane ved småskala produksjon. Vi blir fortalt at småskala landbruk er bra. Dette er langt frå den praktiske sanninga. «Vi blir fortalt at smått er godt», skreiv eg på bloggen min for ei veke sidan. Det gjekk ikkje mange minutta før det tikka inn ei melding frå ein veterinærkollega i felten. Hans meining var klar: «Det må sies at det er INGEN sammenheng mellom små bruk og god dyrevelferd. Mitt inntrykk er at det nesten kan være motsatt.» Ein annan kollega supplerte: «Det er dei store bøndene som oftast har den beste kvaliteten og den beste dyrevelferden». Dei har sjølvsagt rett, men det dei seier strir mot dei norske mytene. Det er på høg tid å slå ihjel litt myter rundt norsk landbruk. Eg tenkte begynne med «småskala» og «tid per dyr». Deltid er ein trussel mot produksjonskvaliteten. Småskala bønder er ofte deltidsbønder. Dei

Nynorsk moralisme

Ein må slutte å sjå på nynorsk som ein sterk identitetsindikator. I ein kronikk i Klassekampen skriv Karen Marie Kvåle Garthus at det er språkleg sjølvtillit som gjer at dei som beheld nynorsk som hovedmål, beheld det. Ein snakkar om at sjølvtilliten har dei kanskje fått med seg frå ein lærar med eit spesielt engasjement. Kvåle Garthus vil det sikkert godt, men å snakke om sjølvtillit i språksaka er ei hensiktslaus form for moralisme som bidreg til å støte folk bort frå nynorsken. Det virker ofte som om målfolket har for liten kjennskap til den praktiske bruken av språket ute i felten. Fokuset er for snevert. Difor moralisme. Når nynorskfolk skal snakke om kvifor folk byter til bokmål, snakkar dei om at a) bokmål er over alt og ein snakkar b) om sjølvtillit. A) er innlysande. Dette er hovedproblemet, men kvar kjem b) frå? Eg kjenner ei mengde folk som har bytt frå nynorsk til bokmål. Dei gjer det rett og slett fordi dei har inga språkleg bevisstheit. Dei er ikkje opptatt av å ha ny

Stivbeinte reglar for hald av økologiske landbruksdyr, truar dyras velferd.

Samanlikning mellom regelverket i norsk og svensk økologisk regelverk. Eg står i fjøset til ein større svensk økobonde, eller Krav-bonde som det heiter i Sverige. Krav er det svenske motsvaret til norske Debio, eit sertifiseringsorgan for økologiske landbruksprodukt. Vi går gjennom fjøsen. Dette er ingen småskala idyllisk økogard. Dette er ein storskala industriell melkegard, men trass industri. Alle kyrne er på beite, alle kalvar ligg på halm. Garden er veldriven på alle måtar. Berre synd den må forhalde seg til eit forkrøpla Krav-regelverk som på mange punkt bygger meir på ideologi enn kunnskap om dyrevelferd. Idag har bonden fleire kalvar som er sjuke. Dyra går på beite og har vore dårlege i fleire dagar. Ein mistenker at dei lir av parasittangrep. Vekta skrantar. Dei er sløve. Medan bonden fangar kalvar, fortvilar han over regelverket. Han ristar på hovudet. Fordi han er økologisk, får han ikkje lov til å parasittbehandle dyra sine før dyra har fått kliniske symptom på parasit

Fange 59: Taterpige av Aina Basso

Kort oppsummert: Litt treg start men tek seg kraftig opp like før midten. Då er boka medrivande. Men eg tenker heile tida at dette er ei fengslande ok bok, men den er så veldig uoriginal. Den skil seg ikkje ut.    Marias opphald på tukthuset er ikkje truverdig. Den er overflatisk med flate karaktar. Karakteren Maria kjem ikkje fram før ho kjem i tjeneste hos prosten og då tek historia seg kraftig opp og når eit anna fortellernivå. Då får ho fleire sider og eigenskapar og blir straks meir interessant. Her blir ho også omgitt av karakterar som ikkje utelatande er flate, slik dei er på tukthuset. Karakterane hos prosten får fram nyansar hos Maria og eigenskapar. Det er nok difor boka er så treg før dette: Maria er eindimensjonal over ganske mange sider.   Baksideteksten synest eg ikkje er god. Forlaga burde ansette journalistar til å skrive desse.   Grei underhaldning men ikkje verdt prisen i harde permar. Litt for snilt og flinkt til å bli ei bok vi hugsar om seks mnd.    Eg trur uansett

Knuser Thomas Moens bloggplakat grundig i dagens bloggpost hos Dagsavisen.

Moen er ein kommersiell aktør i bloggsfæren. No samarbeider han med IKT Norge for ein ny bloggplakat. Moen har fortsatt ikkje forstått at ein ikkje kan lage ein plakat som skal gjelde for alle bloggarar og han verkar fullstendig oversjå at der finst to sfærar av bloggarar. Dei kommersielle og dei ikkje-kommersielle. Likevel skal han tre den same plakaten ned over oss alle. Å sette opp like reglar for samfunnsbloggarar og kommersielle bloggarar, er ei form for kulturimperialisme. Om vi sjekkar ut Bootstrap Marketing si nettside kan vi lese at Thomas Moen lever av å snakke, utvikle og lære mennesker om sosiale medier. Han tjener penger på å fronte kommersielle bloggarar: «Jeg representerer følgende bloggere fra og med i dag: (liste over bloggar). Sammen med disse kommer jeg til å jobbe aktivt med å bygge opp merkenavnet deres samt å skape oppmerksomhet rundt dem og kjøre kampanjer og skaffe dem inntekter i forbindelse med bloggen.»   Les mitt innlegg hos Dagsa

Nei til bloggplakat

Det er eigentleg like greit at seriøse bloggere tar avstand til bloggplakaten først som sist. Thomas Moen sliter veldig med å etablere seg som gründer, har funne på noko gøy som gir han pr i media, og som gjer han svartelista i bloggverda, ei verd der han ønsker å identifisere seg og ønsker å ha sin plattform. Moen virker ha lite webantenner ute. Moen er ein tøysekopp og om han trur han har pondus til å diktere bloggverda, så trur eg han tar ganske feil. Sist Moen var ute, påberopa han seg Presseforbundet si støtte. Dette hadde han ikkje. Det var løgn. Moen spelar med skitne kort. Dette er eit problem for oss som skal forsøke å argumentere mot han og hans kommersielle interesser. Les meir om problemet her. Sidan Moen ikkje har særleg oversikt over kva presseplakaten er for noko, altså Ver Varsom Plakaten, så har vi tatt det heilt abc her. No skal eg forklare kvifor eg reagerer på at Bloggplakaten blir kalt for "plakat". ( Første utkast til plakaten, oppdatert utkast ).

Hardhendt transport av dyr, og reinsdyr på reinsdyrskinn

Medan reinsdyr skal transporterast på eit reinskinn, kan stakkars fjørfe transporterast som sild i tønne. Det er skilnad på dyr. Eg var på vakt då det hende. Fleire hundre dyr var i ferd med å brenne inne. Med hjartet i halsen la eg i veg. Eg har aldri før vore med på ein brann. På loftet låg nyhøsta høy frå fleire hundre mål mark, og på tjue minutt var det overtent. Låven rasa etterkvart saman, men ein ga ikkje opp. Betongdekket over fjøsen heldt stand, og heile natta køyrde dyrebilar til og frå. Dyra vart lessa på lasteplana og transportert til andre fjøs i området. I dette tilfellet var dyretransporten god å ha. Ein flyttar ikkje hundrevis av store dyr med handemakt. Hardhendt handtering? Dyretransport er ellers eit omdiskutert tema. Spesielt transport av dyr til slakteri. I oktober blogga den økologiske Fjærlandsbonoden Johannes Eggen Mundal om å sende lamma til slakt. Her er eit utdrag av bloggposten «Mykje hardhendt handtering?» «Eg skal levere lam til slakt kommande vek

Det mange ikkje har fått med seg

.. er at eg har flytta ut av Oslo og ut på bygda. Riktignok ikkje ut på den norske, men på den svenske bygda. Dette kan eg sei med ein gong at er ein stor overgang, men det gir muligheter ein ikkje har i Oslo. Ein må slutte med å bedrive moralisme, alla feig og modig, i debatten om flytting til og frå by og land. Det virker som om debatten i stor grad er driven av moralisme, heller enn realitetsorientering, samt at hatet mot Oslo er ei drivkraft bak distiktskonferansar. Klaging og syting og moralisme har teke overhand. Det er lite konstruktivt. Ein faktor er at det er langt betre plass her. Stort hus kan ein leige til dumpingpris. Eg har god internettilgang, det er stille og rolig om natta. Ingen galningar som fulle spring rundt og brøler i gatene utanfor. Då eg gjekk opp Karl Johan forleden kveld, tenkte eg: gud for eit bråk. Eg liker det stille og rolig. Ein liten kåk i ein bygard var ikkje mi greie i lengda, og det har det heller aldri vore. No har eg hage, den er på fleire mål

Nationens kommentator tygger drøv om flyttedebatten

Igår skreiv Drude Beer ein kommentar i Nationen: "Feigt eller friskt å flytte fra bygda?" Kommentaren oser av det vi kan kalle for god gamaldags misunning. Ho insinuerer at Oda Rygh, med sin kronikk "Jeg flytter!" ønsker seg ein jobb hos Liv-Signe Navarsete. Ærleg talt, Drude Beer. Som navnet ditt tilseier, du må slutte å drikke på jobb. Beer meiner det er andre som hadde fortjent dei rundstykka som Rygh fekk hos Navarsete då ho vart innkalt til ein samtale. Det kan vere at FLEIRE hadde fortjent rundstykker hos Navarsete, men det betyr ikkje at Rygh ikkje har fortjent dei. Ein må ikkje tape dei heilt elementære nyansane. Rygh skriv om eit standpunkt som det faktisk krever litt mot å gå ut med. Det er ikkje eit standpunkt som kvar av oss tørr å fronte. Eg vil kalle Rygh for tøff som skriver som ho gjer i sin kronikk. Det burde Beer sjå, men istaden framstår Beer som ei sur gammal kjerring, beklager uttrykket, men det var det første som slo meg. Beer skriver: &

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys

Kvifor skal vi ha norsk landbruk når det er i ferd med å fjerne seg frå både natur og småskala drift?

Eg stiller eit par enkle spørsmål. Per idag bruker vi veldig mykje statlege midlar på å finansiere eit norsk landbruk. På same tid som vi snakkar om at smått er godt, og at norsk mat er naturnært produsert. Dersom desse to påstandane er usanne, kvifor skal vi då ha norsk landbruk? Presisering: smått er ikkje alltid godt. Det ser ut til at dyrevelferden er lågare i småskala besetningar, gjerne fordi bonden jobbar deltid. Det er altså ei myte. Vi må også skille mellom produksjon av kvitt og rødt kjøtt, samt melk. Kvitt kjøtt er industriproduksjon. Rødt kjøtt og melk er i Norge fortsatt småskala. Norsk landbruk utviklar seg i same retning som landbruket ellers i Europa. Større einingar, meir industri. VVi satsar stort på produksjon av kvitt kjøt frå kalkun og kylling, samt egg frå høner i bur. Alt dette er dyr som lever heile sitt liv innendørs i STORSKALA oppdrett langt frå naturen, og som aler opp dyr som har sterkt redusert dyrevelferd, stikk i strdi med norske målsetningar om å

Dyr har følelsar: Kva føler du no, rev?

Det er ikkje dyrevernsekstremisme å snakke om at dyr har følelsar. Det er eit uttrykk for høg fagkompetanse. Artikkelen har stått på trykk som Med andre ord-artikkel i Klassekampen 17.november 2010. Forskninga på dyrs følelsar er ny, og kunnskapen om dyrs følelsesliv er ikkje allmennkunnskap, verken blant garva bønder eller kjæledyrseigarar. Det mange har lært seg å sjå på som naturleg åtferd hos dyr, er ofte ei adferd utvikla som ein følge av dyras tilpasning til eit lite tilfredstillande miljø.    Ein heil pels betyr ikkje at dyret trivast. Mange måler dyrs velferd i antal sår eller i kor reine dei er. Men dyrs følelsar viser seg oftast ikkje i form av sår, avmagring eller død. Dei plagar dyra gjennom smerter, kronisk stress eller svoltkjensle. Ein skal ikkje la seg lure av ein strøken utsjånad. Følelsar er oftast skjult for det blotte auge. Det er difor betenkeleg å lese om pelsdyroppdrettarar som vise fram revar med fin pels og seier at dyra deira har det godt nok. Ikkje men

Bestialsk praksis

Om bønder som ikkje har råd å ringe dyrlegen. Denne artikkelen har vore trykt i Klassekampen som Signert-artikkel. Den er basert på Sverige. - Eg har ei kyr som er i ferd med å blåse opp på venstre sida. Den ligg og reiser seg, den sparkar seg mot buken, legg seg igjen, rullar seg, reiser seg. Det er ein bonde som er på telefonen. Klokka er fem om ettermiddagen. Det er vakttid. Vakttid er dyrare. Eg sit i veterinærbilen på veg heim. - Skal eg komme ut og sjå på kua di? spør eg. Dette høyrest ut som ein akuttpasient. - Nei, nei nei nei nei, ropar bonden oppkava. Ikkje kom! Eg vil ikkje at du kjem ut. Det har eg ikkje råd til. Eg vil berre ha nokre råd frå deg. Råd er gratis. Er det noko eg kan gjere sjølv for å behandle kua? Han er stressa. Ei ku med trommesjuke, som det kan høyrast ut som om denne kua har, kan stryke med ganske kjapt om ikkje rett behandling blir iverksett. Gassen drep dyret om den ikkje slepp ut. I verste fall set eit hol gjennom vomveggen så gassen vert evakuert

SafetyFAIL?? Eller blondinePOWER

driv og testar SAS sine innsjekkingsrutiner. Sende gjennom scanningen pc og full vassflaske nedpakka i ryggsekk. Ingen sa eit kvekk. Begynte så å sende gjennom toalettsaker i div storleikar pakka i posar. Fekk først beskjed om at desse er FOR store, men ok du får dei med denne gongen, men neste gong du har dei med deg, må du IKKJE legge dei i plastpose men gøyme dei i sekken ellers kjem nokon til å ta dei frå deg (fordi dei er for store). Neste gong gøymde eg altså flaskene i sekken og sende sekken gjennom. Ingen sa noko då heller. SafetyFAIL?? Eller blondinePOWER

Våg å delta i offentleg ordskifte

Spalte i siste utgave av bladet til Naturvitarane. Kan lastast ned her. Eg er naturvitar, nærmare bestemt utdanna veterinær, og eg er journalist og skribent. Eg har i alle år vore ein einsam og svært sjeldsynt fugl. Det heile finst nesten ingen, om nokon, naturvitarar i pressa. Å vere veterinær er i seg sjølv kuriøst. Å vere veterinær i pressa er uberkuriøst. Det er ingen som forstår kva i hulaste eg driv med som journalist. Folk er ofte så overraska at dei skiftar både farge og fasong konfrontert med dette overveldande fakta. Kva i alle dagar? Er du veterinær? Og neste spørsmål: Kvifor kastar du vekk den lange, fine utdanninga di på å jobbe i media? Snork. Oppfatninga er gammaldags. Den er eigentleg ganske latterleg. Kva med alle dei som har fem års studier i statsvitskap frå Blindern? Dei brukar då også ei lang, fin utdanning til å jobbe i pressa. Det rekk å kaste eit skeivt augekast mot pressa for å bli klar over at langt fleire naturvitarar skulle ha funne vegen dit. Men de

Den store kyllingdøden

Eg hugsar då eg var ti år og bestilte ein kasse kyllingar frå Trøndelag. Selgar sende kyllingane i ein pappkasse i lasterommet på ein nattbuss i tolv timar. Det var midt på vinteren og eg betrakta skrekkslagen dei ihjelfrosne kyllingane som låg i pappkassa eg fekk frå bussjåføren. Eg ringde då busselskapet og spurde om dei ikkje tok med seg kyllingar i passasjersete. Dama i informasjonsskranken lo høgt og gjorde narr av spørsmåla mine. Eg vart sterkt kritisk til bussing av fjørfe etter dette og kjøpte seinare kun kyllingar viss mødre budde nær flyplass. Min neste kyllingforendelse kom med fly. Åtte godt utvalgte rasekyllingar på spon i ein pappkasse. Flyturen hadde tatt ein time. Eg innstallerte dei i eit fuglebur, lufta dei på tunet, og ei veke seinare hadde dei søte små lagt ut på ein ny flygetur. Denne gongen i nebbet på kråker.

Mange stader vil ikkje endre seg og må godt at folk ikkje vil flytte dit

Denne kommentaren kom på bloggen. Den er god så eg legg den ut her som eigen bloggpost. Hei! Jeg bor selv i en liten kommune på Trøndelagskysten. Flytta hit etter å ha levd mine første 49 år i Oslo og Trondheim. Jeg reflekterer ofte over disse problemstillingene, som jeg vet at du også brenner for, men jeg har kommet til at problemet er at distriktsmenneskene rett og slett ikke ønsker forandring. De foretrekker status quo, til tross for at dette muligens innebærer en sakte død. I min kommune har de bl. a. fått arkitektstudenter fra NTNU til å skissere en alternativ urban (?) utvikling som etter mitt syn inneholder mange gode ideer, men det havner jo bare i en skuff. Jeg er selv ikke et sekund i tvil om at min kommune har potensiale til å tiltrekke seg en haug med framtidsretta jobber (les IT). Jeg har også selv mange ideer på "byutvikling" etc, men hvorfor skal jeg engasjere meg når viljen til forandring ikke er der? De liker godt konferanser og planer, men ma

Fri prissetting i landbruket må til

NRK Søndagsavisa 31.oktober høyrde vi om gardseigaren på Sandalen i Jølster som ikkje får lov til å selge gardsbruket fordi prisen i budrunden vart for høg. Prisvurderinga var 520 000 kroner, men budrunden gjekk til 950 000. Kommunen seier ... no nei til salg av garden pga prisen er for høg, og ordførararen er bekymra for prisutviklinga i området. Virkelighetssjekk: Ein eigedomspris på 950 000 er ingenting for ein gard, uavhengig av størrelse. Min 26 kvadratmeters kåk i Oslo gjekk for det dobbelte. Bønder som sel må også få betalt for det dei gir frå seg. Det vil bli meir attraktivt å selge om ein får noko att for det. Ein gard der eg kjem frå, på 100 mål med nye hus og stor fjøs og maskinpark og dyr inkludert, gjekk for 1,7 mill, 10 min ... utt med bil frå Førde, 2 minutt med bil frå flyplass. Det er dumpingpris. Skal ein få opp verdien og sjølvrespekten, og få profesjonalisert landbruket, ikkje drive med denne småskala dumpingidyllen som kun er meint for hobbybønder, m

Asfalter, NO!!

Den store folketalsquizen Og korleis kan gamlisar på distriktsutviklingskonferansar redde utkantane? Kvifor bestiller ein sjølvsagtheiter i rapportform? Og ein haug med andre spørsmål. "Ein dropper analysen. Går det gale, veit ein kvar skulda ligg. Den ligg i sør", skriv Per Svelle under den talande avsnittstittelen «Den tilslørande nord-sør tenkinga» i boka «Nordområdepolitikken sett frå nord». Tilsløringa fører til at ein i andre omgang ikkje gjer vidare analyser av maktforhalda. Dette kan også seiast om Vestlandet. Ein grip til påstanden «vi er overkøyrde», og sentraliseringa er sterk, og let dermed vere å tenke sjølv. På same tid som mang plasserer skulda for utviklingsproblema i sentrum, søker ein i utkantane etter nye fokus og nye tankar. Toppturar, seier ein og kastar seg på naturfokuset. Ein har sett i trollspegelen, media, og sett at friluftsliv er i vinden. Ein forsøker å vere det den urbane middelklassen ønsker seg: eit friluftsinnramma paradis for deg med fritt

Tine påstår at alle norske melkekyr leverer melk til dei. Det er faktaFAIL. Igjen

Nye kalkyler. I sommar skreiv eg om at Tine bløffar i sin reklame. les sak om det her. No har eg gjort ytterlegare smårekning på Tines bløff om kyr. Tine har vist oss at dei meiner fakta er underordna. Dette demonstrerte dei i sommarens reklamekampanje der dei påstod at alle kyr som melkar for Tine, 242 000 kyr, har rett til minst åtte vekers sommarferie. Dette er de fakto løgn. Ein ting er at lausdriftskyr, altså tretti prosent av alle norske mjølkekyr, ikkje har rett til sommarferie. Ein anna ting er at 21 prosent av desse l ausdriftskyrne (15 082 kyr) står inne året rundt. Det korrekte talet kyr på beite blir dermed 242 000 – 15 082 = i underkant av 227 000. Eit godt avvik frå Tines reklametal på 242 000. Ein annan ting er at 242 000 kyr utgjer alle kyr i heile landet. I følge SSB har vi 239 400 melkekyr i Norge. Ved å påstå at 242 000 kyr levere til dei, hevdar altså Tine at alle norske melkekyr leverer til dei. D ette er sjølvsagt ikkje rett. Ein kvar som har vore