Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli 23, 2008

Bodø dag 2 og 3

Kunst på moloen i Bodø. Det er svært interessant å reise rundt og snakke med folk og næringsliv. Eg må sei eg er mest fasinert av næringsliv, meir enn av lokale politikarar. Næringsliv er meir hands on, politikarar er mindre konkrete. Om de vil høyre meir om lokalt næringslivs perspektiv på samarbeid med russisk næringsliv, foreslår eg at de høyrer på programmet i grenseland på radiorakel FM 99,3 imorgon, torsdag, kl 08.00. Då er eg direkte inne på telefon med rapport frå Bodø før turen går vidare til Tromsø. Neste torsdag til same tid, er eg direkte inne frå Kirkenes. Kva utfordringar møter lokale, små aktørar innanfor næringsliv når dei søker samarbeid med vår store nabo i øst? Korleis har mentaliteten i russisk næringsliv endra seg i takt med den økonomiske utviklinga? Very interesting. Følg med, følg med. Imorgon er det Tromsø. Både Tromsø, Bodø og Sør-Varanger kommune har ordførar frå Ap og varaordførar frå SV. Nordområdesenter for næringsliv som ligg i Bodø, tilknytta høgskole

Dei sløve lokalmediene

Kvar er redaktørane? Samfunnsdebatten i Sogn og Fjordane skrik etter analyse og kompetanse medan lokalavisene overlet dei viktigaste nyhendene til BT og riksavisene. UNDERHALDNINGSKANINAR: Randi Førsund vil svømme Sognefjorden på langs. Terje Lyngstad vil burne. Stig Eikaas vil gi mange tusen kroner til den som spraya statuen av Gjest Baardsen i Sogndal rød. Der stoppar kulturdebatten i Sogn og Fjordane, meiner Anne Viken. Screenprints av BTs saker i papiravisa. Kronikken ligg på nett, og stod på trykk i Bergens Tidende 23.juli 2008, stod først på trykk som Med andre ord-artikkel i full lengde i Klassekampen 24.juli. Her er BTs versjon: Publisert: 23. jul. 2008, 06:00 Oppdatert: 23. jul. 2008, 09:52 Av Anne Viken, journalist og fri skrivande, Bygstad/Oslo Eg køyrer av stad i eit attgrodd landskap, gjennom smale mørke tunnelar og møter ein ordførar frå Sogn og Fjordane. Ho er oppgitt. Det er for så vidt kjekt for ho at ho kan operere som ho vil langt unna