Den svenske garden har to tusen storfe, mjølkerobotar i lange baner,  mange store traktorar, svære areal, bruker mykje kraftfôr. Konvensjonell  industri, tenker du. Du tar feil. Denne garden er økologisk.    Smak på  det: to tusen storfe og økologisk . Det er kyr så langt auget rekk og endå lenger. Som professor Michael Carolan ved Colorado State University påpeiker i The Sociology of Food and Agriculture ,  har økologisk landbruk tatt opp i seg ei rekke trekk frå konvensjonelt  landbruk og ført til ei konvensjonalisering av det økologiske  landbruket. Økologisk industri  er eit omgrep å lære seg.   Les meir    Det er  ingenting ved økomerket som seier at produktet kjem frå eit system, ein  produksjonsmåte, som ikkje er energiintensiv, storskala, eller som tar  høgd for sosial urettferd, eksempelvis sosial dumping av arbeidskraft i  framstillinga av kraftfôr.      Medan snittet for konvensjonelle bruk i Norge i 2007 var på 112 000 liter  mjølkekvote, låg økobøndene på 12...