Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april 8, 2011

The Tenderness of Wolves: god bok, god helg!

Dette er ei fabelaktig flott historie. Kjøpte den på flyplassen i London her forje veke, og den måtte berre lesast. Det gjekk ikkje anå legge den frå seg. Forrykande fin story. Om eg får oversette ei bok til norsk nokon gong, vil eg gjerne starte med denne. Fortellerstemma er genialt. Korthogd og direkte på ein original måte. Definitivt ein original roman om eit nybyggarsamfunn i Canada 1867. Oppdatering: boka er oversett til norsk og heiter " I ulvenes skygge" på Bazar forlag. Dette er ein veldig misvisande tittel. Det er nettopp i skuggane av ulvane desse folka ikkje er. Det blir fastslått alt på side ein då hovedpersonen ser ein ulv og blir overraska over kor liten den er. I resten av boka forheld ein seg til ulvane som kreaturar som lever i skogen, men som ikkje skadar deg. Dei er der, saman med deg, og utgjer aldri ein trussel bortsett frå ein gong då ulvar tek ein sjuk hest frå to vekksprungne nybyggarar midtvinters. Ein lever ikkje i skuggen av ulvane, men i sam

Norge er ei bygd. Difor kjeftar folk på Ari Behn.

Kven er Norges største interne kjendis? Ari Behn. Og folk blir dritsure for alt fyren gjer og kaller han klovn i kommentarfelt. Folk raser mot Ari Behn no og Ari Behn da. Han ringer opp folk, han kler seg som dame, snakkar med sin døde bestefar. Ærleg talt. Har ikkje folk andre ting å tenke på? Dei må da kjede seg fryktelig som bruker så masse tid på Ari Behn. Eventuelt er berre Ari Behn ekstremt interessant og folk ellers gudsjammerleg kjedelege. Ari Behn er i seg sjølv ekstremt provoserande fordi han bryter med alt Bygda forlanger av han: konformitet, normalitet, kompetansemangel og anonymitet. I følge Bygda skal du vere middelmådig og anonym. Men herregud så kjedelig. Det gidder vi da ikkje. Norge er ei bygd. Ei bygd der alle som sjølv er feige, opptekne av å passe inn og ikkje vågar anna enn å sei det same som naboen, kavar seg voldsomt opp med ein gong nokon gjer noko litt anna, noko litt på sida. Og ein har verken humor eller toleranse. Ein har berre sin sure kjeft, sin eigen