Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 12, 2010

HJEEELP!!! Eg har ikkje lese Knausgård!

Eg har ikkje lese meir enn seksti sider i kamp nummer ein ! Eg skammar meg totalt og altomfattande og vågar ikkje sei det til nokon. Men eg har lese nok til at eg kanskje heretter skal forsøke meg på ein meir personlig stil som bloggar. Meir sanning, meir rett på sak, meir utlevering av sjela mi på nettet, i avisa, over alt. Sjel til salgs!! Seks bind pur sjel!! Men først og fremst, dagens problem: Kva skjer om nokon avslører meg? Kva skal eg sei når tema garantert kjem opp i nær framtid? Ja, kva syns du om Karl Ove Knausgård, Anne. Eg får late som, tenke på, sei at eg meiner den har "l agt romanen som vi kjenner den død" , den har halde bekjente vakne natta lang og den har ehh, vore ei oppleving heilt utanom det vanlege, og akkurat dette siste er heilt sant: sjeldan har eg vel følt presset så sterkt: DEN BOKA MÅ DU LESE! Halvparten av alle statusoppdateringar på Facebook handlar i denne tida om Knausgård. Mulig at det seier meir om min Facebook-krets enn om Knausgård, men d

Bedriv verneverdige bunadskoner med samfunnsforskning på høgt nivå?

Nasjonal turistveg går over Gaularfjellet der eg kjem frå. Den er veldig vakker! Vi lokale mennesker som bur langs vegen, er som vi alltid har vore: "The gorgeous scenery and the "well-preserved Norwegian rural life" are vigorously protected, plus "the local people seem to benefit." Sitat National Geographic . Ja, vi lokale er kort sagt godt tilpassa Norges ferietilbud for overvektige tyskarar med enda meir overvektig campingvogn;) Kjem du?

Å forstå seg på periferien

Eg prøver å forstå meg på periferien, atter ein gong. Og dermed gjer eg eit forsøk på å lese ein rapport frå NIBR. Den slår fast at ingen flyttar til arbeidsledighet. Godt poeng. Selvfølgeligheter må også skrivast ned i heavy rapporter. Kvifor nevner eg det her? Fordi eg er motstander av slike krisetiltak for Sogn og Fjordane som har blitt lansert, med nedbetaling av studielånet til dei tilflyttande høgt utdanna stakkarane som har opphalde seg i sentrale strøk og no tenker seg ut i periferien med studielån og utdanning i bagasjen. Her begynner ein i feil ende. Kort sagt fordi ein kan ikkje tilby nedbetaling av studielån FØR ein tilbyr folk jobb. Det finst for lite jobbar for høgt utdanna masterstudentar i Sogn og Fjordane. I nok ein rapport kan vi lese: "De tradisjonelle storbynæringene er sterkt underrepresentert i fylket. For eksempel har ulike forretningsmessige tjenester bare halvparten så høy andelen av de sysselsatt som landsgjennomsnittet." Konklusjon: skap arbeidspl

Å hoppe etter Knausgård/ Wirkola

Romanen som vi kjenner den er død. Heretter gjeld det å skrive om tingene, livet og historien å ein måte vi ikkje har sett før. Eg får følelsen av at det blir som å hoppe etter Wirkola: å hoppe etter Knausgård. Eventuelt å hoppe etter mediesuggesjonen og den massive ja-vi-elsker-Knausgård-hypen, eller den omvendte Knaustgård-er-teit,- det-må-du-skjønne-fordi-eg-skjønner-det. Fordi det måtte jo komme eit slikt vendepunkt i fortellingen om Knausgård i media... Fordi ein eller anna på eit eller anna tidspunkt tenkte at nok var nok skryt. Akk så forutsigbart. Difor vart eg svært begeistra for for denne kronikken til Lorentzen idag. Til forskjell frå ei rekke andre kommentatorar som har vore ute ( Morten Strøksnes i BT osv), har Lorentzen noko å tilføre debatten. For medan Strøksnes ikkje klarer å komme over sin eigen navleknaus, klarer Lorentzen å gi oss eit interessant innspel. Heretter blir mediedebatten "å hoppe etter Lorentzen".