Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars 29, 2009

Vold på vei heim frå byen nattestid

Igår natt gjekk eg heim frå Grønland til løkka. I Markevegen såg eg ein mann som dreiv å dytta og rista ei dame, midt i gata. Han skreik til ho og rista og slo ho. Shit, tenkte eg og kjente at eg begynte å bli sinna. Kva er det slags idiot som driver å disser dama si? Så eg begynte å følge etter dei. Etterkvart gjekk ho frå han, men han gjekk like bak. Etterkvart femti meter etter. Ho runda eit hjørne, og han runda hjørnet, og så runda eg hjørnet. Mannen fortsette bortover gata, eg vart ståande å sjå etter dama, og så kom ho fram. Ho hadde site på huk og gøymt seg bak ein bil. Så fortsette ho vidare. I neste gate stod han å gøymte seg bak ein container mens ho gjekk i gata, så gøymte ho seg bak ein bil og kryssa gata eit par gonger og så kom han fram. Ho dreiv å gøymte seg for gubben. Eg følte meg ein smule rar som dreiv å fulgte etter ho, men så lenge det var andre mennesker i gata, var det kanskje mindre sjanse for at han flaug på ho igjen, tenkte eg og heldt koken. Det var heilt to

Den radikale søppelblekka Dagbladet, no også med brukken rygg

Eg sit her ein søndagskveld og les på dagbladet.no om kvinna som vart funnen død i sin eigen leilighet. Der hadde ho lagt i sju år. Så les eg om Italias svar på Fritzl-saken , som har misbrukt dottera si i 25 år innesperra i eit rom uten strøm. Deretter om ein serievoldtektsmann som er pågripen her i Oslo, samt Alba som blei gravid 11 ganger med faren sin . Det eg jævlige historier, og alle sammen ligg tett i tett strødd utover dagbladet.no si framside. Er dette spekulative, drøye historier frå virkeligheten, eller er dette greier som vi har behov for å få trykt opp i trynet? Treng vi lese om kvinna som låg død i sju år i sin eigen kåk? Egentlig ikkje. Vi veit at det skjer. Det skjer over alt. Det skjer her i Oslo. Historia er heller ikkje sett inn i ein samanheng. Den er berre enkelt og billig presentert for oss som ein enkelthendelse. Så kva er så verdien av denne historia? Underhaldning. Italias svar på Fritzl-saken. Litt av ei overskrift, gitt. Her selger dei inn saken hos lesa