Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai 18, 2010

Mine tre 17.mai-talen frå Førde, Viksdalen og Haukedalen i 2010

Sjå talen live. . Les også min 17.mai- tale 2010 frå Viksdalen Les min 17.mai -tale 2010 frå Haukedalen. Talen frå FØRDE:  Gratulerer med dagen Sunnfjordingar! Takk for invitasjonen. Det er ei ære å stå bli invitert hit i dag. Dette er første gongen eg feirer 17.mai her i Førde og det er sjeldan eg ser så mange sunnfjordingar som dette på såpass nært hald. - Det er flott å feire nasjonaldagen midt i mai månad. Månaden som er oppkalt etter den romerske fruktbarheitsgudinna Maia, beskyttar av veksten. Dei gamle nordiske namna på mai er Blomstermånaden Såmånaden Gaukemånaden. - I dag som på alle andre dagar er naturen og m agien her på Vestlandet sterk. Vi har elver som kastar seg utfor steile berg og hamrar, vi har speglblanke vatn der ein kan fiske etter auren, vi har elveosar og skodde som ligg tett over vatna oppi heiane der det er meir sannsynlig at du møter eit troll enn andre folk. Vestlandet er dramatisk i all si prakt, og dramatisk i alle sine historier

17.mai-tale Viksdalen 2010

Kjære sambygdinger. Gratulerer med dagen. Les min tale frå Førde 17.mai 2010 her. Takk for invitasjonen. Det er ei ære å vere her i dag. Særlig synest eg det er kjekt fordi eg er halvt viksdøling. Dessuten anser eg Viksdalen som ein av dei flottaste plassane eg veit om. I dag på 17.mai som på alle andre dagar er naturen og magien her på dalen sterk. Gaula som kastar seg rundt steile berg og hamrar, legg seg til ro i lune viker før den igjen stuper utfor strie fossefall der den brøytar seg fram gjennom Eldalsdalen i Viksdalen. Viksdalsvatnet som eg mang ein gong har speida utover frå altanen til tante Turid og onkel Arthur ligg blikk stille. Eg veit bøndene her på Viksdalen driv godt. Her er ein flinke til å hogge tre langs vatnet, du føler deg så mykje friare, når du har ei vassflate å kvi le augene på. Du ser alle endene som ligg og søm som små ubåtar. Her er rikt fugleliv. Her er tjelden og storspova og mange andre ubåtdyr. Men her finst også andre dyr, eller udyr.