Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai 29, 2009

Kva slags menneske er det som sparker ein hund til døde?

Eg lurer på kva slags menneske det er som presterer å sparke ihjel ein hund på tur i parken . Eg har sett mangt og mykje av stygg behandling av dyr i mitt liv, men dette er jo beint fram hjerterått. Kva i alle dager er det som får ein person til å sparke ihjel ein hund? Kva i alle dagar er det som får eit menneske i det heile tatt til å sparke til ein hund. Menneske har ein tendens til å behandle dyr stygt. Folk slår kyr fordi kyr ikkje går like fort som folk vil at kyr skal gå, folk sparker ihjel hunder i parken osv. Det sjokkerer meg gong på gong korleis folk som påberopar seg å ha peiling og lang tids erfaring med husdyr, nyttar vold for å få kontroll over dyret, få dyret til å adlyde eller beint fram fordi dei sjølv blir irriterte. Eit dyr har sitt fulle hyre med å forstå kva i alle dagar det er som er forventa av dei, og kva som skjer, om dei ikkje i tillegg skal bli offer for tilfeldige luner og folk som har sove for lite eller som må rekke ein kamp på tv. Ta eit eksempel. Ein h