Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august 14, 2012

Lansering barnebok, eg gruer og gleder meg

No nærmar det seg med stormskritt. Folk får boka i postkassen før helga om dei har bestilt den på førehand. Torsdag klokka 11 er det pressekonferanse på Litteraturhuset for Samlagets høstliste og på kvelden er det fest på forlagets lokaler frå 17. Min inspirasjon til boka: hestane, medisinske kasus, bygda og karakterane. I all hovudsak er denne boka reell. Den ligg tett, tett på verkeligheita slik den artar seg i ein verkeleg veterinærpraksis. Mine eigne erfaringar som veterinær i praksis på landsbygda, og mine år som veterinærstudent ved Norges Veterinærhøgskole har vore heilt nødvendige for å skildre både medisinske kasus, livet i ein kombinert ku- og hestepraksis og møter med dyreeigarar på ein realistisk måte. Les om boka i Dagsavisen. Geografisk. Tordenbygda er basert på ei verkeleg bygd der legendene og historia ligg som eit tett teppe over bygda. Det spøker i kyrkja, det knakar i kyrkjegarden og det går nokon over golvet i prestestova. I Storsjøen bur der ei