Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august 22, 2009

Glitterfitter - øyeblikksbilder frå unge kvinner i mi samtid

Eg har begynt å lese boka Glitterfitter. Til no har eg lese dei seks første, pluss forordet. Min konklusjon er dessverre nedslåande all den tid eg var begeistra for redaktøranes refleksjonar rundt boka i VG. Eg får ikkje heilt tak på kva ein vil sei, men eg får tak på ei rekke assosiasjonsrekker som kan tolkast, og som fortel meg om kva som foregår inni hovudet på dei som skriv. Tekstane er spegl på kva unge kvinner i tjueåra tenker om det å vere kvinne, ergo gode tidsbilder, og kan slik sett ikkje avvisast - men ein har gjort seg sjølv ei bjørnetjeneste ved å la lange uredigerte uferdige tekstar kjede lesaren side opp og side ned. Det er også vanskelig å forstå kva ein vil sei all den tid det heile er lite konkret, og meir framstår som tankerekker: masse ord og utmaling og utbrodering. Spesielt slår Julie Rylands tekst meg som i overkant lang med tanke på kva ho har å melde. Teksten har mange interessante refleksjonar, og eg syns på mange måter den var god, men skribenten har behov fo