Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april 16, 2013

Ny Elise-bok: Elise og mysteriet på hesteklinikken, kjem høsten 2013!

"Onkel Kalle har fått seg arbeid som veterinær på Trollskogen hesteklinikk, og Elise er lykkeleg over å få vere med han på jobb. Men i den gamle veterinærbustaden skjer det uforklarlege ting, og ute i praksis har Kalle seriøst trøbbel med å gjere pasientane friske. Gamle Ylva påstår at ein spøkelsesdyrlege går gjennom gangane, og Elise forstår etterkvart at hesteklinikken skjuler langt meir enn sjuke hestar." Anne Viken er dyrlege. Ho har tidlegare skrive Elise og mysteriet med dei døde hestane. Elise og mysteriet på hesteklinikken er ein frittståande oppfølgar i spenningshesteserien om Elise." Slik ser bok to om Elise ut. Den kjem til høsten 2013 og coveret er laga av Øystein Vidnes. Om du vil sjå alle utkasta som vart laga før det endelege coveret vart klart, kan du klikke her. Samlaget 2013. Elise og mysteriet med dei døde hestane kan bestillast her.