Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august 1, 2009

Ein vanlig dag på jobben som sommarvikar i Dagbladet (anno 2005)

Hei. Det er Anne Viken frå Dagbladet her. Var det kona di som fødte dass? Det er kveld på Dagbladets kontor i Akersgata. Rundt meg surrar og går fleire tv-skjermar, ein politiradio og ein hissig sjef. Mannen smeller på røret. Eg har ringt onkelen, bestefaren, faren og resten av familien som alle saman ser ut til å ha gått i dekning. Eg har bede ei venninne om eg kan få lov å sette navnet hennar som byline på saka, men ikkje snakk om. Eg som lo av alle som skreiv bullshit-saker i tabloidene. No sit eg her sjølv med ord som dass og Victoria Beckham knytt til min byline. Dass og toalett apellerar til Dagbladet . Ein salamander som krabba gjennom avløpsrøyret frå ei leiligheit til ei anna var ein slager, kven vil vel ha eit krypdyr i ræva, men eg slapp heldigvis skrive den. Hei. Det er Anne Viken, nyhetsjournalist i Dagbladet her. Når har kona di termin? Klokka er ti om kvelden. Ute er det mørkt. Baby-boom saken skal ha ei liste over når kjendismennenes koner nedkjem. Og det s