Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober 14, 2008

Norges suraste fylke? Sogn og Fjordane?

Norges suraste fylke, er NRK si overskrift. Eg kjem frå Sogn og Fjordane og eg må sei eg kjenner meg ikkje att. Eg reiste rundt i fylket to veker i sommar og intervjua masse folk, gjekk på kafear og spurte etter vegen, traff politikarar og bibliotekarar, var i bokby og på fjellet, ferjer og fjordhestgardar, men folk var blide og hjelpsame, sjølv om dei veit at eg brenner bunader i mengder og lass kvar gong sjansen byr seg;) Eg besøkte tanta mi på Viksdalen, og der arrangerer dei onsdagskafe kvar onsdag. Det kom innom ein forfrosen syklist ein dag eg var der, og dei gav han kaffe og vaflar på biblioteket. Det var veldig hyggelig og mannen vart varm og tørr før han sykla vidare. Det kom også ei rekke veteranbilar forbi, og vi slo oss ned å prata med dei medan vi åt is i skuggen utanfor butikken. Eg var også på Osabua å prata om laust og fast med eigarane, samt folk som sat utanfor, og det heile var svært hyggeleg. Eg er ein stor fan av burgeren til Osabua, samt fruktdrinkane deira. Ette