Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli 27, 2009

Rovdyr og fanteri

Norsk rovdyrdebatt er heilt på jordet. Debatten i stor grad overlatt til føleri og synsing. Kronikk, Klassekampen juli 2009. Annar Holm skriv på lesarbrevplass at det er desinformasjon å påstå at en av femten sauer dør på utmarksbeite på grunn av rovdyr. Han om det. Konspirasjonsteoretikere finst det mange av, og dersom debatten skal trekkes ned på dette anekdotenivået, bør vi ta den også frå den andre kanten: Sikre kilder hos fylkesmannen i eit fylke i Norge fortel at mange observerte rovdyr ikkje vert innrapportert av statens naturforvaltarar. Årsak: viltforvaltarar ønsker å halde antal rovdyr kunstig lågt. Slik kan dei fortsatt flagge låge bestandstal for store rovdyr. Historie to: mange lokale folk som prøver å få rapportert inn observasjoner av store rovdyr blir ikkje trudd, dei blir oppfatta som løgnarar og møtt med svar som dette: «dette kan ikkje stemme». I området der eg kjem frå er det gjort observasjonar av bjørn som folk ikkje vågar å rapportere i frykt for å bli