Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober 20, 2009

Også guds ord må vinklast journalistisk. Journalisten: frå vakthund til jakthund? Og når handverk visstnok blir hærverk.

Avpartifisering av pressa, sa professor ved UiB, Martin Eide , har gitt journalistane meir makt. Vi har deretter fått ei reideologisering med bedriftsøkonomi og journalisme som idelogi, og journalistikk som ideologi er ein miks av populisme (publikumssmiger og folkelig engasjement) og elitisme (det er når VI tar saken at det skjer noko): journalisten står mellom makta og folket klar til å kjempe for folket. I ein journalists bilde består verda av a) kilder, b) publikum og c) journalistar. I dag tidlig var vi på Frokost med Bernt igjen. Tema var Journalisten: fra vakthund til jakthund? Innleder var Martin Eide. Han heldt ei lang tirade om kor lukt til helvete alt går som ei følge av oss dumme journalistbeist, og eg vart litt småsamper der eg sat på bakerste benk omgitt av journalistkryp og redaktørar. Potensielt burde eg syns det var litt småfunny å høyre denne duden bølle med faget mitt, men eg blir faktisk litt lei til tider. Greit nok. No skal ikkje eg komme her å sei at eg aldri