Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai 14, 2011

Bryt landbruksforhandlingane: om kvifor eg ikkje vil bli bonde! Fordi eg er eit menneske som vil ha eit verdig liv. Og om kvifor vi bør ha norsk matproduksjon: etikk versus industri

Oppdatering: Småbrukarlaget har brote forhandlingane. RESPEKT! Signerer Bondelaget no på ein sum langt lågare enn kravet (2,6mrd), signerer dei på fortsatt nedlegging av norsk landbruk. Eg har odelsrett på ein gard i Sogn og Fjordane. No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje bli bonde og kvifor ein må behalde norsk landbruk. Først av alt. Eg ha eit verdig liv som menneske. Det høyrest banalt ut, men det er i stor grad dette det handlar om.    Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Kva andre yrker er det som må akseptere slike levekår? Det finst eit alternativ. Garden har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande med to jobbar. Eg ønsker ikkje å måtte jobber i alle feriar, på kveldstid