Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober 25, 2010

WTO - ein trussel mot human helse

Kjøre brasil litt hardare, meine meir sjølv. WTO dukar bordet for big bissniss, stor farmar og multinasjonale selskap. I fotspora av auka konkurranse følgjer auka smittepress, matforgiftningar, antibiotikaresistens, hormoner, genmodifiserte plantar og dyr. Anne Viken, veterinærstudent og journalist (artikkelen er skriven i 2006). Det er slått fast ein gong for alle at Noreg er ein egoistisk landbruksproteksjonistisk kustat med bondefanga utanriksminister, norske bønder er rota til alt vondt og alle fattige bønder dør og svelt i skuggen av norske importmurar. Eit kjapt søk på Statistisk Sentralbyrå gir oss handfaste tal om fienden: Norske bønder eig 264 000 oversubsidierte melkekyr fordelt på 15 900 gardar. Desse utgjer altså eit formidabelt problem, eventuelt er problemet kraftig ute av proposjon, eventuelt har dei sjølv eit problem. Siste 25 åra har norsk melkeproduksjon gått ned med 15 prosent, antal jordbruksbedrifter med dyr i Noreg gjekk ned med 4,5 prosent frå 2005 til 2006

Det gode sted

God kommentar frå Knut Olav Åmås i Aftenposten idag. Tenk om det hadde vore den same kreativiteten og kunnskapen blant dei som jobbar med distriktsutvikling, som blant dei som synsar om det;) Berre ein tanke. Les kommentaren her.

Sensur i distriktsdebatten

Distriktslka, som driv med distriktsutvikling, liker ikkje fri debatt. Det har dei dugelig demonstrert. Dei vil ha meg til å fjerne ting frå min blogg, altså mine meininger. Ettersom dei visstnok ikkje er korrekte. Jaha. Eg skriver: "Røros er ein stad spekka med historie. Er det sexy? NÅr folk er ute etter ein stad å bu, flyttar dei ikkje inn i vikingtida." Dette er altså ikkje greit å meine. Skal eg så sensurere mine meiningar i tråd med distriktsfolkets policy? Neppe. Iallefall ikkje når ein sjølv framstår som amatørforetak som sprer om seg med middelmådighet. Distriksfolket er eit fordomsfullt ord brukt om mange kreaturer som jobber med distriktsutvikling. Det gjeld sjølvsagt ikkje alle, og eg beklager min omtrentlighet. .