Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2012

Vossakveik - seminar om distriktsutvikling under Vossajazz

les programmet her.

Tine bløffar oss om økologisk melk - oppslag i dagens Nationen

basert på ein gjestekommentar av underteikna. - Tine manglar oversikt over kva som skil økologisk husdyrhald frå konvensjonelt, skiriv veterinær Anne Viken i denne gjestekommentaren. 

Tips til fine skrivesongar

Sirkelen - ikkje Twilight i Fucking Åmål

Har skrive ein omtale for Barnebokkritikk av ungdomsromanen Sirkelen. Klikk og les: Sirkelen.

Den groteske virkeligheten i norsk kyllingproduksjon

Ved inspeksjonar hos kyllingslakterier i Norge i 2011 avdekka Mattilsynet følgande: 4 av 5 slakteri bryt regelverket. Ved 1 virksomhet ble det i forbindelse med tilsynet under revisjonen observert flere avvik i forbindelse med tipping av konteiner med levende slaktekylling. Det ble observert at slaktekylling falt ned på gulvet under tippinga, en slaktekylling ble hengende fast etter en fot, og en takplate falt ned på slaktekyllinger som allerede var tippet ut av konteineren. Alle disse observasjonene var knyttet til tipping av en og samme konteiner. 2 av virksomhetene benytter strømførende vannbad til bedøving av slaktekylling. Ved 1 av disse virksomhetene ble det opplyst under tilsynet at slaktekylling med beinbrudd rutinemessig ble hengt opp på slaktelinja. Dette er ikkje lov. Dyr som ikke føres til avlivingsstedet umiddelbart etter ankomst til slakteriet, skal ha tilgang på drikkevann. Dersom summen av transporttid og oppstallingstid på slakteriet overstiger 18 timer, skal dyra

Farlege dyresjukdommar har dramatiske følger.

Med døden på jobb Trykt i Vårt Land som lesarbrev 5.februar 2012. Eg havna som veterinær i høst oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Dyr begynte å dø. Det vart slått krisealarm. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom dei stinkande kadavera for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit. Auger og tarm var hakka ut av ravnar, det rann blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan vere livsfarleg. På verdsbasis drep miltbrann eit ukjent antal menneske kvart år. I følge FN er 75 prosent av virus, bakterier, sopp som har dukka opp siste tiåret, sjukdomar som smittar mellom menneske og dyr. På verdsbasis drep desse eit ukjent antal millionar menneske kvart år. I landbruksmeldinga er det peikt på som viktig å styrke samarbeidet mellom veterinærar og humant helsepersonell. For å sikre human helse blir samarbeidet mellom dyrlegar og legar stadig viktigare. Miltbrann, eller B

#FaktaSjekkMat - faktafeil blir servert forbrukarane frå Tine, melk.no og Matprat.no om økomelk og egg

Sommaren 2010 køyrde Tine ein reklamekampanje der dei påstod at alle norske kyr går ute. Dette var, til og med ifølge Tines eigne tal, ein faktafeil. Tretti prosent av alle norske kyr i lausdrift, er aldri utanfor fjøsets fire veggar. Les om saken her. Her om dagen fekk eg tips om ein ny link hos Tine. Tittelen var «Økologisk melkeproduksjon». Teksten går slik: «Derfor er regelverket for oppstalling av økologiske melkekyr strengere enn ved vanlig drift. Det betyr blant annet krav om:» «Daglig lufting av kuene.» Dette er ein faktafeil. Fakta: Det er ikkje krav om dagleg lufting av økokyr. Det er krav om lufting to gonger i veka, og dette er kun for økokyr i båsfjøs. Det finst ingen krav om lufting av økokyr i lausdrift. «Større arealkravkrav til dyra både innom og utom hus.» Dette er ein faktafeil. Fakta: Det stilles ikkje større krav til areal for økokyr, verken inne, eller ute, samanlikna med konvensjonelle kyr. «Strengere krav ved bruk av medisinsk behandling av dyra». Dette

Skal eg dumpe nynorsk som skiftspråk, Kristin Halvorsen?

   Er det dette Kristin Halvorsen ønsker seg, eller er det berre ein utilsikta praktisk konsekvens av hennar utspel om å tone ned fokus på sidemål i skulen? Lat oss ta det openbare først. Eg som nynorskbrukar er ikkje interessert i å publisere på eit språk folk ikkje beherskar. Eg er ikkje interessert i å nytte eit språk folk ikkje treng lære seg.     For meg er ikkje språket eit mål i seg sjølv. Det er eit middel for kommunikasjon. Skal ein formidle må ein ha eit språk som fungerer. Om no fokuset på nynorsk skal tonast ned i skulen, må ein tenke seg godt om. Skal ein gi ut bøker på nynorsk, på eit språk som er nedprioritert, for dei spesielt interesserte og som folk ikkje vil/ treng bruke tid på å lære seg?     Er dette interessant for meg å bruke eit slikt språk i det lange løp? Kvifor er det slik at ein forlagsredaktør eg prata med, anbefalte meg bokmål? Desse anbefalingane vil nok neppe bli sjeldnare om nynorskkompetansen i skulen skal svekkast. Senka kompetans