Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november 2, 2008

Sentrum-periferi frå sår sykkelbak

I ei intetsigande reiseskildring fyrer reporter Gunhild Dahlberg opp under konfliktlinja sentrum-periferi, noko lokalmediene sjølvsagt kastar seg over. Søker du etter orda «Gunhild Dahlberg» og boka «Norge i dag» på Google, får du treff som «Harstad er ein kjedelig by», og «Sogningar og fjordingar er dei suraste i landet!» Jaha, tenker eg. Ei bok som får merksemd for å harselere over folk landet rundt, er kanskje verd å få med seg. Men etter nokre titals sider tenkte eg dette: Det skjer jammen lite i distrikts-Norge når lokalmedie etter lokalmedie kan prestere å bruke så mykje spalteplass på ei bok som er så tvers gjennom kjedeleg. Språket er så flatt og tørt, beskrivingane så overflatiske og uinteressante, at eg etter kort tid la boka bort og sovna. Sentrum- periferi Denne reiseskildringa er ikkje meint å vere ei tung og viktig bok. Den er meint å vere lettbeint, vittig og subjektiv, men skal dette lukkast, må ein ha noko å melde, og humor forutset kunnskap. Boka fell gjennom på både

Fakta om Anne og nynorsk - bør leses dersom du har tenkt å meine noko om "Annes forhold til nynorsk"

Det blir i visse medier feilaktig skrive at eg har forlatt eller fornekta nynorsken eller noko i den dur. Av og til skulle eg ønske at folk skjønte kva eg skreiv og sa, og ikkje feiltolka så mykje, eventuelt at dei las kva eg har skrive før dei uttaler seg om meg, men sidan verda flyt over av mangel på research, og fordi ein del som kommenterer det eg skriv, flyt over av følelsar, blir eg ofte gjengitt feilaktig og upresist. Her kjem fakta om Anne og nynorsk for den som har tenkt å omtale Anne og nynorsk i ein eller anna kommentar eller artikkel ein eller gong i tida, og om dette er uklart, send meg ein epost viken.anne ( att ) gmail.com så svarer eg gjerne på spørsmål. Praktisk: - Eg laga i sommar ein serie store saker for Dag og Tid (nynorskavis) frå Sogn og Fjordane. No skal eg lage ein serie til. Eg skriv også side to kommentarer for Dag og Tid, fast frå no av framover. - Eg får ofte skryt for å skrive god nynorsk. Dette er flott, og eg tek det som eit kompliment og bringer det

Bønder er meir nyttige enn skribentar

Eg ser at frilansjournalistane Marit Bendz og Heidi Hattestein frå Førde har fått utmerkelsen "Årets frilansere" Eg gratulerer. Då eg såg på Bendz sine bilder på sida hennar Skrifta og veggen , fann eg dette sitatet: "Den som rydder mark, gjør menneskeheten en større tjeneste enn alle Europas skriblere", Voltaire. Eg og ein skribentkompis sat nett idag å diskuterte nettopp dette. I sommar var det nemleg ein bonde som gjorde eit stort poeng, det ut av at han forvalta fleire millionar (ni) kroner enn meg. Han var visstnok ein betre og meir nyttig, meir hardtarbeidande og ærleg samfunnsborgar enn meg (kva er dette slags argumentasjon?), og eg sat å høyrde på og tenkte omtrent dette: gi faen i å dynge meg ned i dine mindreverdighetskomplekser. Eg tjener mine penger til livets opphald, du dine. Eg har valgt min måte å gjere det på, du har valgt din. Det er ikkje min feil at du må springe frå fem om morgonen til tolv om natta kvar dag heile året. At du spring på denn