Gå til hovedinnhold

Dyr har følelsar: Kva føler du no, rev?

Det er ikkje dyrevernsekstremisme å snakke om at dyr har følelsar. Det er eit uttrykk for høg fagkompetanse.

Artikkelen har stått på trykk som Med andre ord-artikkel i Klassekampen 17.november 2010.

Forskninga på dyrs følelsar er ny, og kunnskapen om dyrs følelsesliv er ikkje allmennkunnskap, verken blant garva bønder eller kjæledyrseigarar. Det mange har lært seg å sjå på som naturleg åtferd hos dyr, er ofte ei adferd utvikla som ein følge av dyras tilpasning til eit lite tilfredstillande miljø. 
 
Ein heil pels betyr ikkje at dyret trivast. Mange måler dyrs velferd i antal sår eller i kor reine dei er. Men dyrs følelsar viser seg oftast ikkje i form av sår, avmagring eller død. Dei plagar dyra gjennom smerter, kronisk stress eller svoltkjensle. Ein skal ikkje la seg lure av ein strøken utsjånad. Følelsar er oftast skjult for det blotte auge. Det er difor betenkeleg å lese om pelsdyroppdrettarar som vise fram revar med fin pels og seier at dyra deira har det godt nok.

Ikkje menneskelege. Internasjonal forskning slår det eintydig fast: dyr har følelsar. Dette betyr derimot ikkje at dyr har menneskelege følelsar. Dyr har artsspesifikke følelsar. Spekteret av handlingar og følelsar vil varierer like mykje mellom ulike artar av dyr, mellom ku og katt, som mellom eksempelvis menneske og hest. Ein kan gjennom forskning fastslå at dyr til dømes kan føle angst, svolt og smerte.

Å sei at eit dyr har menneskelege følelsar, er like skivebom som å sei at ei ku har kattefølelsar. Å seia at dyr har menneskelege følelsar, er det heller ingen fagfolk som vil gjere. Derimot verkar mange av dei som forsvarer pelsdyrbransjen å tru at snakk om dyrs følelsar, er einsbetydande med snakk om at dyr har menneskelege følelsar.

Men vi snakkar sjølvsagt ikkje om at dyr har menneskelege følelsar. Det er det knapt nokon som gjer lenger. Vi snakkar om at ein rev har ein revs følelsar og at desse følelsane ikkje er kompatible med eit liv i bur. Å benekte dette er å sjå bort frå fagkunnskap og det faktum at dyrs følelsar ikkje alltid er synlege for vårt blotte auge.

Det finst vitenskaplege definisjonar på følelsar hos dyr. Ifølge professor Ian J. H. Duncan ved University of Guelph i Canada er det å ville flykte frå fienden eit eksempel på følelsen angst. I hard science kallar ein det å ville flykte for eit primært behov. Den sekundær følelsen av det primære behovet blir då angst. Eit anna eksempel på primært behov er å ha behov for mat. Sekundær følelse blir då å føle svolt. Mange meiner også det er føleri å snakke om sekundære følelsar som angst hos dyr. 
 
På eit foredrag ved Norges Veterinærhøgskole på Forskningsdagane i september snakka Duncan om at forskarane slit med å definere kva som er dyrevelferd, blant anna fordi følelsar er subjektive. Ein har dermed ikkje direkte vitskapleg tilgang til desse. Ein kan derimot sjå på korleis følelsar slår ut i handling.

Aggressjon. Via avl kan ein få fram eigenskapar hos dyr som gjer dyret ueigna for eit liv i sitt naturlege miljø. Eksempel på dette er kamphanar som gjennom avl har blitt for aggressive til å kunne leve i naturen. Ein har avla fram dårleg dyrevelferd. 
 
Svolt: Ein har også avla fram broilerkyllingar som berre kan få lov til å ete førti prosent av det dei hadde sett til livs om dei fekk fri tilgang til mat. Om dei fekk fri tilgang ville dei ha ete seg ihjel. Grunna matrestriksjonane går broilerkyllingane konstant svoltne frå klekking til slakting. Svoltkjensla fører til at velferden til desse kyllingane vert sterkt redusert. Det er desse kyllingane vi kjøper i butikken. Likevel, når ein ser desse kyllingane, ser dei gjerne fine og feite ut. Men ein skal ikkje late seg lure av eit godt fysisk inntrykk. Svoltkjensla er usynleg. 
 
I 2009 produserte vi i Norge, i følge tal frå Statens landbruksforvaltning i underkant av seksti millionar slike broilerkyllingar i Norge. Tilsvarande tal frå 2007 er rett i overkant av 56 millionar.
Deira foreldre, avlsbroilerane, lever heile sitt liv, fleire år med denne kroniske svolten. Det er eit stort dyrevelferdsmessig problem men det synest ikkje fysisk på dyra.

Usynlege følelsar. Det same kan ein seie om pelsdyr. Ein heil og flott pelsrev kan skjule stress og mistrivsel. Eigentleg er det absurd at vi i det heile må bruke tid på å snakke om at villdyr ikkje høyrer heime i små bur. Ein treng ikkje vise fram avbitne føter for å påvise mishald av pelsdyr. Det held å vise fram reven i bur, og dei som forsvarar hald av pelsdyr, utviser stor mangel på fagkunnskap om dyrehald.

Smerte. Smerte er ein følelse som reduserer velferd meir enn noko anna. Vi kan sjå på kalkunar. Produksjonen av kalkun aukar i Norge. I 2007 var antal klekte kalkunar 1 093 791. I 2009 hadde talet stige til 1 388 003, i følge Norsk Fjørfelag.

Lat oss sjå på kalkunar. Det er gjort forskning på kalkunar som sit meir, og bevegar seg mindre, enn kva som er normalt for ein kalkun. Merk deg at desse dyra ikkje sat meir på baken enn det bonden meinte var normalt. Når desse kalkunane så fekk smertelindrande, sat dei mindre og bevega seg meir. Dei brukte også kortare tid på å tilbakelegge kortare avstandar for å helse på ein partnar av det andre kjønn. Når ein så obduserte kalkunane, fann ein at dei hadde ødelagde og degenererte hofteledd. Det var difor dei sat unormalt mykje i ro. Difor bevega dei seg også meir når dei vart behandla med smertelinding.

Kalkunar kan altså føle smerte, men dette er ikkje noko vi ser med det blotte auge. Alt vi ser er kalkunar som sit fredeleg på bakken. Slik er det med mange av følelsane hos dyr i fangenskap. Følelsane sit på innsida, bak pels, hud og hår.

Det er eit paradoks at vi, i Norge, som påberopar oss å vere verdsmeistrar i rein mat, landbruk og dyrevelferd, satsar stadig hardare på oppdrett av dyr viss avl har påført individa kronisk redusert velferd skjult for det blotte auget. No tenker eg særleg på kylling, kalkun og verpehøns.

Lat oss difor også sjå på verpehøner. Eggkonsumet i Norge er også aukande.

Frustrasjon. Ei høne vil jobbe like hardt for å få tilgang til verpekassen som ho vil jobbe for å få tak i mat etter 28 timars svolt. Dette viser eit sterkt instinkt og eit sterkt behov for realisering av adferd. Når dette ikkje går, vil høna bli frustrert. Frustrasjon, eller stress, er ein vanleg følelse hos dyr som vert nekta å utøve naturleg adferd. 
 
Eit godt sitat er dette: «We can ask animals how they feel about being frightened by looking at how hard they will work to avoid it». Alle som har sett ein hest med panikk, eit pelsdyr som bykser rundt i buret eller ein hund som står og pip i band utanfor butikken, har sett angst og nervøsitet hos dyr.

Stereotyp åtferd. Mange utviklar stereotyp åtferd for å bøte på frustrasjon og kjedsomhet. Medan vi menneske begynner å røyke eller drikke begynner kyr å rulle tunge.
Hos hobbydyret hest kan stress føre til magesår. Magesåret er ikkje noko vi ser frå utsida, men i følge Forus Hesteklinkk har mellom 50 og 90 prosent av alle hestar magesår.

Lat oss så sjå på samfunnskonteksten. Eit argument som har vore framme i debatten om pelsdyroppdrett, er at Russland produserer pels. Difor kan også vi gjere dette. Problem: ein kan ikkje samanlikne norsk pelsdyroppdrett med russisk eller kinesisk. Norge er eit velferdssamfunn.

Ein må sjå landbruket i kontekst av det samfunnet det eksisterer i. I Norge vil kutt i statlege subsidiar, eventuelt eit forbod mot pelsoppdrett eller ei hard innstramming av regelverket, på kort tid kunne strupe pelsbransjen. Oppdrettarane vil kunne finne andre inntektsgrunnlag og bli tatt vare på av velferdssamfunnet. Dette vil sjå ganske annleis ut i Russland. Kor tøffe krav ein kan stille til dyrevelferd heng tett saman med eit lands velferdsnivå.

Gamal næring. Enkelte argumenterer med at «pelsnæringa er ei gamal næring». Difor må ein få fortsette. Men vår kunnskap om dyr i fangenskap slår idag fast at hald av ville dyr i bur ikkje er forsvarleg. Denne kunnskapen hadde vi ikkje den gong pels blei ei næring i Norge.

Villdyr. Mange påstår ar pelsdyr ikkje er villdyr. Dette er feil. Domestiseringa av pelsdyr har ikkje kom like langt som domestiseringa av eksempelvis ku og hest. Ku og hest har levd med menneske i tusenvis av år. Pelsoppdrett starta på slutten av attenhundretalet, og det tek lenger tid enn knappe hundre og femti år å domestisere ville dyr.

Pelsdyroppdrettarar tek ikkje samfunnsansvar. Det gjer heller ikkje dei politikarar som forsvarer pels av utelatande snevre økonomiske grunnar. Det er betenkeleg å lese om pelsdyroppdrettarar som seier at dyra deira har det godt nok.

Gamaldags syn. Dei tviser også eit gamaldags syn på hald av dyr. Å påstå at rev utan sår, er rev som har det bra, er å sjå bort frå alle dei av revens følelsar som ikkje er synlege for vårt blotte auge. Det fortel oss at oppdrettaren har lært seg til å tru at revens åtferd i fangenskap utviser ei åtferd som er naturleg. Med dagens kunnskapstilfang er det eigentleg ganske utruleg at nokon kan hevde at pelsdyr har det godt i bur. Meir enn noko anna fortel påstanden oss om kunnskapsmangel hos oppdrettaren.

Antal sår. Og vi måler ikkje lenger dyrevelferd og følelsar blott i antal sår. Vi har kome lenger enn som så. Antal sår er gårsdagens fagkunnskap, men antal sår er det som er lettast å vise fram. Det krev ikkje fagkunnskap å forstå at sår gjer vondt.

«Eg driv ei heilt lovleg verksemd, der eg har investert 1,8 millionar kroner for å gjera tilhøva for dyra enda betre enn før,» seier pelsdyroppdrettaren Olav Haugen i Lærdal til Sogn Avis 6.november.
Han sluttar frå investeringar til dyrevelferd, frå gode intensjonar til dyrevelferd. Dette er ikkje uvanleg. Dessverre er begge delar feilslutningar.

Kunnskapen om dyrs følelsar og dys velferd er ikkje allmennkunnskap. Derimot er det internasjonal annerkjent fagkunnskap. Å benekte at dyr har følelsar, eller å avvise følelsar som dyrevernsekstremisme, er eit symptom på sviktande innsikt i moderne fagkunnskap rundt hald av husdyr.
For sjølv om dei fleste dyrevernsekstremistar manglar sjølv den aller mest grunnleggande kunnskap om hald av dyr, har dei rett i ein ting: dyr har følelsar.

Vi har nok kunnskap til å reduserer lidelsane hos landbruksdyr og tilby dei betre livskvalitet. Eit lite steg i rett retning er å forby oppdrett av pelsdyr i Norge.

Anne Viken, veterinær

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb