Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober 31, 2008

Eventyr

Det var ein gong ein mann som heitte Pål. Han var sterk, mørk og fager og var kjend i heilt kyrkesoknet som ein gudfryktig og høgt akta mann. Kvar søndag kom han til kyrkjebakken, og det glimta i klokker og seletøy alt før ein høyrde vogna kome opp dalen. Pål var sterk som ein bjørn og elegant som ein hjort, og det ryktes i mange kykjegjeld at før Pål var tretten år, hadde han teke livet av ikkje mindre enn fire bamsar med berre nevane. Då onkelen hans fekk for dårleg pris for ein hest, drog Pål til kjøparen, drog han ut døra, slakta hesten, bandt mannen fast med hestetarmar til ei gran, hogg av grana ved rota og skubba den på sjøen. Den karen såg ein aldri meir, men på trass av dette påfunnet, dette skjedde trass alt i ung alder - hadde Pål eit umåteleg dametekke. Dei frykte ikkje hestetarmdøden, og strøymde til kyrkjebakken frå fjern og nær. Ein måtte ansette ekstra prest for å få avalde gudstjenester slik at alle som ville, fekk kome innomhus iallefall ein gong i veka slik seg hør o

Høst i Oslo og lesestoff

Når det er høst, trenger ein meir enn ellers godt lesestoff. Eventuelt kan ein sei at det finst fleire grunnar enn ellers til å sitte inne å lese seg gjennom dunger av bøker og magasiner og anna ein lenge har tenkt ein skulle lese, eventuelt nye funn ein berre må kaste seg over, samt ein del akk så uforutsigbar samtidslitteratur. Ein veit aldri kva ein får, men akkurat no veit eg kva eg får når eg opnar ei bok. Eg driver å leser meg gjennom John Steinbecks forfattarskap, og prøver å skjøne korleis det er mogeleg å vere så jævlig flink. Eg får lyst til å dra til Salinas og Salinasdalen, der størsteparten av handlinga i East of Eden foregår. Eg får i det heile tatt lyst til å reise til USA, men akkurat det er ikkje så uvanleg til å vere meg. På nettet fant eg dette nye fotomagasinet "I heart magazine" , som eg straks fann ut at eg måtte sjekke ut. Som sagt så gjort og det kom i posten. Her er bilder av gateliv, mennesker og situasjonar. Kort sagt like godt lesestoff som ei god