Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra september, 2012

Fjørfereklame fordekt som barneskulepensum: om mat- og landbruksbøker for barn. Pensum eller propaganda?

Bør fjørfenæringa få innpass i barneskulen med sitt eige undervisningsmateriale? Og kven kan kvalitetssikre bøker om landbruk mynta på barn når forskarar i veterinærmedisin ikkje klarer det?  Eg har skrive om tre bøker om mat og landbruk for barn i siste utgave av tidsskriftet PROSA. Les heile artikkelen her. Les kronikken i Dagsavisen om fjørfreklamen fordekt som pensum Desse bøkene er omtalt i PROSA-artikkele . Den i midten er fjørfenæringas eige pensum .

Den nye Dalsfjordbrua ser slik ut!

Fredag morgon klokka 08.10 er det reportasje frå Bygstad på God Morgon Norge. Bygstad vann avstemninga om Sogn og Fjordanes vakraste stad. Då TV2 var på besøk, tok eg meg ein tur i båt ut Dalsfjorden frå Bygstad til Dale og såg på brua som dei skal bygge over fjorden. Nokon må jo sjekke at den står støtt og ikkje veltar uti fjorden, så eg tok altså på meg denne jobben. Slik ser det ut om ein ser den frå Dale. Her er brustolpen på Dalesida. Og her er den andre sida. Du ser tunnellen går inn i fjellet bak der. Her ser vi brua frå Dalesida igjen, med fundamentet og alt. Rimelig høge brutårn! Laukelandsfossen over, og brutårnet på andre sida under. Begge brutårna sett med Dale i bakgrunnen.

Det heng mykje kunst rundt i fylket på stader som ikkje er museum

KUNSTsf2012 Tour har på si reise i Sogn og Fjordane oppdaga ei rekke kunstverk som heng på heilt andre stader enn eit museum. Blant anna på Sunnfjord Hotell, Førdehuset og i rådhuset i Førde. Sjå meir kunst i bloggposten til KUNSTsf2012 Tour, og les om kvar du kan finne den. Torsheim-biletet over er frå Førdehuset, og biletet under er frå Sunnfjord Hotell.

Lørdag signerer eg bøker på bokhandlane i Førde!

Lørdag klokka 12-14 signerer eg bøker på bokhandelen på Handelshuset i Førde. Klokka 14-16 same dag signerer eg bøker på bokhandelen i første etasje på Førde Torg! Det blir mulighet til å stille spørsmål om dyr sidan eg er dyrlege! Les meir om boka her.

Brenning av høner og andre fakta for barn - artikkel

Bør fjørfenæringa få innpass i barneskulen med sitt eige undervisningsmateriale? Og kven kan kvalitetssikre bøker om landbruk mynta på barn når forskarar i veterinærmedisin ikkje klarer det?  Eg har skrive om tre bøker om mat og landbruk for barn i siste utgave av tidsskriftet PROSA. Les heile artikkelen her. Desse bøkene er omtalt :

Fjørfereklame fordekt 
som undervisning

Opplysningskontoret for egg og kjøtt serverer reklame­materiale frå fjørfenæringa som undervisningsopplegg i barneskulen.  Kronikken står på trykk i Dagsavisen 24.september 2012, og er basert på eit lengre essay i tidsskriftet PROSAs siste utgave om bøker om mat, landbruk og dyr for barn. Fjørfelaget påstod etter nyttår at bur no er forbode i Norge. Det var ein bløff. Det kom ikkje noko burforbod i Norge ved nyttår, men krav om ein ny type bur omtalt som «miljøinnredning». Det same kravet kom for øvrig også i EU. Miljøinnredning er eit nyord lansert i anledning av den nye burtypen, og i Fjørfelaget ville dei ha valuta for millionane det hadde kosta å bygge om. Dei gjekk til media og sa at bur no er forbode. Nyheita spreidde seg som eld i tørt gras. Bløffen var vellukka. Les også: Du har blitt lurt. Bur for høns er ikkje forbode i Norge Den stolte hane er i dag mellom aktørane som på sine nettsider serverer oss historia om at dei ikkje lenger sel egg frå burhøns

Frøken detektiv i veterinærpraksis

Anne Viken gir den konvensjonsstyrte hestesjangeren eit friskt spark bak, skriv Dag og Tid om Elise og mysteriet med dei døde hestane. "Anne Viken har skapt ein jordnær Frøken Detektiv, ein nysgjerrig jentunge til irritasjon for den som har noko å skjula."

Kunstmusea i Sogn og Fjordane legg ingen ressursar i å presentere utstillingane på web for publikum. Godt nok?

Les om manglande tilgjengelighet og slurvete nettsider, ikkje oppdatert på fleire år, hos kunstmusea i Sogn og Fjordane. Sjølv ved opninga av det nye Kunstmuseet i Førde, minna websidene meir om ei privat nettside frå tidleg 2000-tal enn websida for ein profesjonell institusjon. Er dette godt nok for publikum i Sogn og Fjordane? Slike websider hadde ein aldri sett, og aldri godteke, for Oslos kunstmseum. Kvifor må publikum ta til takke med så dårlege nettsider hos kunstmusea i SFJ? Fordi det er på bygda? Bloggen kan lesast her. Sjå teaseren for prosjektet KUNSTsf2012 Les sak om KUNSTsf2012 Tour hos NRK   Les også saka hos Aftenposten.  

KUNSTsf2012 Tour dag 2!

Fotos!  Frukost hos Terje Lyngstad.  Intervju med Førde-ordføraren i Rådhuset! Marius og Frank utanfor Kunstmuseet i Førde! Eg intervjuar Ingebjørg Erikstad!  Frank intervjuar Edvin Helgheim! Eg intervjuar Marius om kunst på Sunnfjord Hotell! Frank intervjuar Johannes Eggen Mundal frå Fjærland på Oddvar Torsheim sin faste plass på Sunnfjord Hotell. Posering på brua i Handelshuset i Førde.

KUNSTsf2012 - følg Anne Viken og Frank Willy Djuvik si jakta på kunsten i Sogn og Fjordane

STUNT: Vi legg oss på veien, oppsøker kunstmuseum, kulturhistoriske museum, kultur- og kunstpersonar i fylket. I videoklipp, bloggpostar og fotoseriar presenterer vi våre opplevingar og funn. Følg bloggen KUNSTsf2012 Tour hos Origo på Fjordaglimt. Her blir det publisert video, blogg og fotos kvar tirsdag framover. Du finn no ein prosjektbeskrivelse samt eit fotoalbum her. Her er teaseren for prosjektet. Ønsker du at vi skal kome og ete frukost hos deg? Ta kontakt. Les saka om prosjektet i Firdaposten: Skal ta pulsen på fylkeskunsten. Klikk liker på vår Facebook-side KUNSTsf2012 tour . Her vil vi poste fotoalbum, videoar og linke til bloggpostar på vår blogg. Du er velkommen til å skrive på veggen, kome med forslag eller poste fotos og linkar eller tips til stader vi bør dra, folk vi må helse på, eller kanskje vil du haike med oss? Alt er faktisk mulig. Slik jobbar vi!  Frukost hos Georg Arnestad i Sogndal! Eg intervjuar Georg i stova hans. Følg med på web