Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november 10, 2010

Våg å delta i offentleg ordskifte

Spalte i siste utgave av bladet til Naturvitarane. Kan lastast ned her. Eg er naturvitar, nærmare bestemt utdanna veterinær, og eg er journalist og skribent. Eg har i alle år vore ein einsam og svært sjeldsynt fugl. Det heile finst nesten ingen, om nokon, naturvitarar i pressa. Å vere veterinær er i seg sjølv kuriøst. Å vere veterinær i pressa er uberkuriøst. Det er ingen som forstår kva i hulaste eg driv med som journalist. Folk er ofte så overraska at dei skiftar både farge og fasong konfrontert med dette overveldande fakta. Kva i alle dagar? Er du veterinær? Og neste spørsmål: Kvifor kastar du vekk den lange, fine utdanninga di på å jobbe i media? Snork. Oppfatninga er gammaldags. Den er eigentleg ganske latterleg. Kva med alle dei som har fem års studier i statsvitskap frå Blindern? Dei brukar då også ei lang, fin utdanning til å jobbe i pressa. Det rekk å kaste eit skeivt augekast mot pressa for å bli klar over at langt fleire naturvitarar skulle ha funne vegen dit. Men de...