Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni 22, 2010

Medier på tomgang: kva er egentlig medias rolle? Å skape eller gjengi virkeligheten.. om norske skribenter på tomgang

Det er ofte underlig å kikke på norske medier og debatt. Aslak Nore er ute og erklærer kulturkrigen for vunnet på same tid som han seier at det er viktig å sjå Norge utanfrå. Det blir parodisk. Eg er freista foreslå at Nore må sjå sin eigen kulturkamp utanfrå. Sjølv om kulturkrigens kamerater debatterer hefig på kvarandres Facebook-sider og klappar kvarandre på skuldra og erklærer kulturkrigen som vunnen over eit par pils ein fredagskveld, betyr ikkje dette nødvendigvis at slaget er vunnet, med mindre det var eit par nye pilskompiser ein ønskte seg, vel å merke. Nores påstand, dersom den er seriøs og ikkje berre eit forsøk på å spikre ei skapt sanning inn i lesarens hovud, fortel oss mykje om tilværelsen in the box, i mediebobla eller kulturkampbobla, om du vil. Der inne er det lite luft. Eg er ingen motstandar av kulturkamp, lat det vere sagt. Det har vore mange interessante stemmer og synspunkt ute, men saken er: kven kjempar ein om og mot og har ein mista perspektivet? Kven er det