I mangel av sverd heiter den tredje Ebba Haslund -boka i Haslund-Gigant frå Aschehoug . Den hadde ein treig start med ein traust gammal gubbe med solstikk som låg å ulte i søvne ved ein bassengkant før han fekk fire veker fri frå jobben og plasserte seg sjølv i tre vekers frivillig eksil på hytta slik menn som er lei av kjerringa og ser tilbake på den egentlige store kjærligheten ein gong for lenge sidan, ofte gjer. For det er mange som blir snytt for den store kjærligheten i Haslunds bøker. Som Anniken i " I mangel av sverd" , kanskje også som hovedpersonen Espen Hoelfeldt. Og det er livet og døden, og alle slags skjebnar som blir innfiltra i kvarandre i Haslund sine bøker, igjen og igjen. Det minnar om Vigdis Hjorth . (Les mitt Fett -portrett med Hjorth her ). Men medan eg vil påstå Hjorths bøker, som i Hjulskift , Om bare og Tredjeperson entall , mest av alt handlar om enkeltkvinner med alle karakterar (familie, venner) svevande rundt desse kvinnene, handlar Haslunds bøk...