Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars 17, 2012

Slaktekylling skal få "betra velferd" gjennom å stå stadig trangare, seier Fjørfelaget

- Vi skal forbedre dyrevelferden i fjørfenæringen, seier leiar i Fjørfelaget, David Koht Nordbye, og argumenterer i same andedrag for å auke antalet kilo levandevekt kylling per kvadratmeter frå dagens 34 til 39. Kyllingen skal med andre ord få betra velferd gjennom å stå stadig trongare. Les kommentaren her. Det er ingen andre enn fjørfenæringen som ser logikk i ein slik argumentasjon: mindre plass per dyr gir auka velferd, og få andre enn næringen sjølv som vil påstå at kyllingar har god dyrevelferd. Det er ikkje vanskeleg å sjå at fjørfenæringens mål på dyrevelferd i grunnen handlar om økonomi. Det er tomme ord og dobbelmoral når Koth argumenterer for betre velferd i produksjonen av stadig meir påskekyllingar til folket. Lat oss slå det fast med ein gong. Dyrevelferd er eit ord utan innhald i fjørfenæringen. No skal det tømmast ytterlegare. Og argumentet, ja det er dyrevelferd. Ein bør vere klar over at forskrifter for hald av fjørfe ikkje er utarbeidde av hensyn til dyrevel