Eg har ikkje lese meir enn seksti sider i kamp nummer ein ! Eg skammar meg totalt og altomfattande og vågar ikkje sei det til nokon. Men eg har lese nok til at eg kanskje heretter skal forsøke meg på ein meir personlig stil som bloggar. Meir sanning, meir rett på sak, meir utlevering av sjela mi på nettet, i avisa, over alt. Sjel til salgs!! Seks bind pur sjel!! Men først og fremst, dagens problem: Kva skjer om nokon avslører meg? Kva skal eg sei når tema garantert kjem opp i nær framtid? Ja, kva syns du om Karl Ove Knausgård, Anne. Eg får late som, tenke på, sei at eg meiner den har "l agt romanen som vi kjenner den død" , den har halde bekjente vakne natta lang og den har ehh, vore ei oppleving heilt utanom det vanlege, og akkurat dette siste er heilt sant: sjeldan har eg vel følt presset så sterkt: DEN BOKA MÅ DU LESE! Halvparten av alle statusoppdateringar på Facebook handlar i denne tida om Knausgård. Mulig at det seier meir om min Facebook-krets enn om Knausgård, men d...