Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni 10, 2012

Mitt nye image som barnebokforfattar

Jammen på tide å ta litt pressefotos for barneboka som kjem til høsten: Elise og mysteriet med dei døde hestane, basert på myter, overtru og ikkje minst: livet i ein ekte veterinærpraksis! Eg er ikkje direkte van med å posere for ein fotograf. Greit nok, har blitt intervjua diverse gonger av diverse medier og har vore eit antal gonger på Dagsnytt atten og andre program, men å stå og glise framfor kamera i mange timar er ikkje heilt min disiplin. Helst liker eg å bli tatt bilete av frå sida, som dette, men å glise direkte mot kamera, iført altfor lite klede tatt vêret i betraktning, er ikkje direkte helsefremmande, trass svært artig og kjekk fotograf. Uansett, resultatet var omtrent slik. Dette er altså mitt image som barnebokforfattar. Foto: Tove Breistein for Samlaget.  Og ja, eg er dønn seriøs når det kjem til å skrive barnebøker. Har studert barne- og ungdomsbøker over lang tid, med sikte på sjølv å bli barnebokforfattar, og tenker ikkje gi meg med denne boka. Litt