Den virkelige kulturkampen står mellom by og land med rovdyr som omdreiningspunkt , seier sosiolog Ketil Skogen til Klassekampen . Det kan så vere, eg er enig med at skillelinjene står sterkt mellom by og land som Knut Olav Åmås påpeiker i dagens Aftenposten, men eg er litt usikker på om det er rovdyr som er omdreiningspunktet. Årsaka til at eg ikkje trur dette stemmer, er at rovdyrproblematikken kun eksisterer i deler av landet. Uansett. I dagens Klassekampen seier Elin Ørjasæter at det er ei klassekonflikt i rovdyrdebatten, at sauebønder tilhøyrer en underklasse, og er de som kommer aller dårligst ut i landbruksforhandlingene. (Eg har ofte sjølv lurt på kva som gjer at så mange menneske i sentralt plasserte strøk har så stor glede av å sparke mot sauebønder?) Ørjasæter tar stilling mot rovdyr. Eg vil ikkje gå så langt som å sei at eg er motstander av rovdyr, men vi har soner for rovdyr i dette landet, og dei vel eg å forhalde meg til i debatten. Eg tek derimot stilling mot kompetans...