eg var svært positiv til Diktarvegen heilt til eg såg at den inneheld kun mannlege, døde diktarar! "Diktarvegen ønskjer bidra til å skape og vise fram kulturmangfaldet i regionen, fortel Marny Skeie Henkel, som er kontaktperson for Diktarvegen. – Vi har eit ønske om å påverke positivt, og skape grobotnen for unge skrivande langs Rv 13," seier informasjonansvarleg Marny Skeie Henkel i Fylkesmagasinet. Køddar ho med oss? Skal ei røys med døde mannlege forfattarar inspirere oss alle til å skrive? Kven skal den inspirere? Og mangfald? Ordet mangfald ramlar på si eiga urimelighet når vi ser på det lite mangfaldige utvalget av forfattarar som er gjort: menn, døde er fellesnevnaren. Skape grobotn for unge skrivande med gamle, døde menn?? Det høyrest litt ut som ein parodi. Synd, for ideen er god og prosjektet sympatisk, men det virker litt halvvegs gjennomtenkt med tanke på effekten dei ønsker å oppnå. Ein viser ikkje fram kulturmangfald gjennom ei rekke døde menn. Det virker mest ...