Gå til hovedinnhold

Diktarvegen - eller gubbeveg? Nok eit tiltak prega av gubbane som rir store deler av distrikts-Norge?

eg var svært positiv til Diktarvegen heilt til eg såg at den inneheld kun mannlege, døde diktarar!

"Diktarvegen ønskjer bidra til å skape og vise fram kulturmangfaldet i regionen, fortel Marny Skeie Henkel, som er kontaktperson for Diktarvegen. – Vi har eit ønske om å påverke positivt, og skape grobotnen for unge skrivande langs Rv 13," seier informasjonansvarleg Marny Skeie Henkel i Fylkesmagasinet.

Køddar ho med oss? Skal ei røys med døde mannlege forfattarar inspirere oss alle til å skrive? Kven skal den inspirere? Og mangfald? Ordet mangfald ramlar på si eiga urimelighet når vi ser på det lite mangfaldige utvalget av forfattarar som er gjort: menn, døde er fellesnevnaren.

Skape grobotn for unge skrivande med gamle, døde menn??

Det høyrest litt ut som ein parodi. Synd, for ideen er god og prosjektet sympatisk, men det virker litt halvvegs gjennomtenkt med tanke på effekten dei ønsker å oppnå. Ein viser ikkje fram kulturmangfald gjennom ei rekke døde menn. Det virker mest av alt som om ein viser fram prosjektgruppas manglande kunnskap om temaet litteratur, historie og mangfald. Trist og veldig flaut.

Diktarvegen ser ut til å vere nok eit tiltak prega av gubbar, og ser ein på kven som står bak, ser ein at alderen er ganske høg. Alderen er ikkje akkurat låg, og ein kan vel neppe heller forvente at desse er spesielt godt inne i verken litteratur eller samtidslitteratur, eller kan ein det? Eventuelt kan dei sjølvsagt be om hjelp til å få tak i informasjon som ligg utanfor eins eigen heilt basic barneskulelærdom, som faktisk av og til må oppfriskast, også for gamle gubbar/ damer.

Konklusjon: diktarvegen ser ut til å vere nok eit tiltak prega av gubbekulturen som pregar og hemmar store delar av distrikts-Norge, og får områda til å framstå som nedstøva, lite framtidsretta og alt anna enn attraktive. Godt jobba.

Forslag til nytt navn: Gubbevegen.

.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...