spør eg. Litt usikker på kva salgstal det er lov å gå ut med på denne bloggen, all den tid eg er glad i hovudet mitt og ikkje vil ha det på ei steinblokk eller påle på Youngstorget for den del, men det har eg av og til lurt på: blir det gitt ut for mange bøker i dette landet? Er norsk litteratur god, eller er den bad? Kvifor synk salgstala? Distribusjon, er svaret. Altså ikkje kvalitet. Kva er så årsaka til at enkelte forlag som satsar på smalare litteratur, som Flamme, sel langt fleire eks per bok enn eksempelvis Aschehoug? Er det andre årsaker enn innhald? Rekk Flamme ut til ein krets av lesarar som vil ha noko særeige, eller er det kort sagt berre folk som vil ha bøker frå Flamme fordi Flamme er Flamme og Bendik Wold er Bendik Wold? Ein har hørt antydninger om "kompisforlaget" Flamme, ein påstand som ikkje held mål all den tid norsk litterær andedam er såpass liten at eit kvart forlag kjenner til dei fleste som er verdt å kjenne til av skrivande, og ein kvar skribent kjenn