18. okt. 2011

Høgare utdanning og atter utdanning: bra eller bortkasta?

Det finst utrulig mange interessante debattar rundt høgare utdanning. Eg sit og les, og legg ut nokre interessante lenker her.

Årets THE-ranking inneholder lite nytt. Syv av de ti beste universitetene i verden er amerikanske, og NTNU er fremdeles mellom de 250 og 300 beste. Men et aspekt vekker interesse: Hvilke er de beste universitetsnasjonene når man korrigerer for BNP?

Les artikkelen.

Elin Ørjasætar meiner at utdanningsnivået i Norge er for høgt, men analysen og begrunnelsen minner mest om eit statement og kunne gjerne vore betre utdjupa. Her tar ho til orde for at utdanning er den nye bobla

«Consumers who have questioned whether it is worth spending $1,000 a square foot for a home are now asking whether it is worth spending $1,000 a week to send their kids to college. There is a growing sense among the public that higher education might be overpriced and under-delivering,» skrev Joseph Marr Cronin og Howard E. Horton i The Chronicle of higher education i 2009. (Denne artikkelen frå The Chronicle er interessant, basert på USA).

Det eg av og til lurer litt på er kvifor ein del kommentatorer som sjølv er svært godt utdanna, meiner at det er for mange som tar høgare utdanning. Enkelte verkar vere bitre over tida dei har brukt ved eit universitet, jamfør Eia-Ihle som føler seg lurt av universitetet.

Jon Hustad i Dag og Tid har skrive ei rekke gode artiklar om utdanning. Om kvaliteten på lærarutdanninga
"SSB har laga framskrivingar der dei reknar på kor mange lærarar vi treng i 2020. Mellomalternativet syner at Noreg vil mangla 16.000 lærarar, men då er premissen at 70 prosent av studentane fullfører utdaninga."

"I Finland er læraryrket høgstatus. Berre dei med toppkarakterar frå gymnaset treng å søkja. "

Det kan tyde på at investering i lærarane er ei av dei beste investeringane ein kan gjere i eit samfunn. Det er  betre å satse på lærarutdanninga enn på enda fleire universitet. Innhald må gå framfor status og tittel.