Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg med etiketten feilinformasjon om landbruk

Fjørfereklame fordekt 
som undervisning

Opplysningskontoret for egg og kjøtt serverer reklame­materiale frå fjørfenæringa som undervisningsopplegg i barneskulen.  Kronikken står på trykk i Dagsavisen 24.september 2012, og er basert på eit lengre essay i tidsskriftet PROSAs siste utgave om bøker om mat, landbruk og dyr for barn. Fjørfelaget påstod etter nyttår at bur no er forbode i Norge. Det var ein bløff. Det kom ikkje noko burforbod i Norge ved nyttår, men krav om ein ny type bur omtalt som «miljøinnredning». Det same kravet kom for øvrig også i EU. Miljøinnredning er eit nyord lansert i anledning av den nye burtypen, og i Fjørfelaget ville dei ha valuta for millionane det hadde kosta å bygge om. Dei gjekk til media og sa at bur no er forbode. Nyheita spreidde seg som eld i tørt gras. Bløffen var vellukka. Les også: Du har blitt lurt. Bur for høns er ikkje forbode i Norge Den stolte hane er i dag mellom aktørane som på sine nettsider serverer oss historia om at dei ikkje lenger sel egg frå bur...

Økologisk landbruk stadig meir industrialisert

Den svenske garden har to tusen storfe, mjølkerobotar i lange baner, mange store traktorar, svære areal, bruker mykje kraftfôr. Konvensjonell industri, tenker du. Du tar feil. Denne garden er økologisk.  Smak på det: to tusen storfe og økologisk . Det er kyr så langt auget rekk og endå lenger. Som professor Michael Carolan ved Colorado State University påpeiker i The Sociology of Food and Agriculture , har økologisk landbruk tatt opp i seg ei rekke trekk frå konvensjonelt landbruk og ført til ei konvensjonalisering av det økologiske landbruket. Økologisk industri er eit omgrep å lære seg. Les meir Det er ingenting ved økomerket som seier at produktet kjem frå eit system, ein produksjonsmåte, som ikkje er energiintensiv, storskala, eller som tar høgd for sosial urettferd, eksempelvis sosial dumping av arbeidskraft i framstillinga av kraftfôr.    Medan snittet for konvensjonelle bruk i Norge i 2007 var på 112 000 liter mjølkekvote, låg økobøndene på 12...

Essay om norsk matproduksjon

Forbrukar eller bonde, supermarknadsmakt eller raudgrøn regjering? Kven skal du skulde på for dårleg utval, kyllingar som frys i hel på veg til Norturas slaktehus, saltvatn i kyllingfileten eller at det kjem blåtungevirus til Skåne? Er spørsmålet vanskeleg, seier du? Gratulerer, rett svar. I ein informasjonsjungel prega av mytar er fakta vanskelege å få auge på for ein vanleg forbrukar. Les mitt bokessay om norsk matproduksjon i sist nummer av PROSA. I neste utgave av PROSA kan du lese mitt essay om bøker om landbruk, husdyr og mat for barn.

Norske kyr skal ut på beite! Ja/ nei, ja/ nei. Norge har så vanskelig natur at vi passer ikkje for matproduksjon?! Ja/ nei osv

Tine køyrde i 2010 romantiske reklamefilmar på tv der dei påstod at alle norske kyr går på beite i åtte veker. Dette er rein bløff då Tines eigne tal viser at tretti prosent av alle kyr i lausdrift aldri er utanfor fjøsets fire veggar. Likevel heldt Tine på sitt. I skrivande stund (medio juli 2012) er eit nytt tema på dagsorden. Frå og med 2013 er det nemleg eit krav at alle norske kyr, inkludert lausdriftskyr og ikkje berre båskyr slik kravet er i dag, skal få kome ut og lufte seg sommarstid. Protestane let, som forventa, ikkje vente på seg og det er bøndene sjølv som protesterer høgast. Bonden XXX frå partiet Krf protesterer særleg høgt då han vel argumenterer i tråd med at mennesket er sett til herre og gud over kloden og ergo kan legge opp drifta slik det passer ein sjølv og lommeboka. Galskap er det å sleppe kyr ut, seier han. Ja, tenke seg til, dyr ute i naturen. Vi kunne jo risikere at dei fekk betre helse. Dessutan er kjøt frå beitedyr sunnare for oss. På den andre sida har...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

Bondelaget bløffar om antibiotika i kyllingfôr

Brita Skallerud frå Norges Bondelag benektar i lesarbrevet “Faktafeil om norsk matproduksjon” i Dagbladet 3.juni at norske kyllingar får antibiotika i fôret. Det er rart at 2.nestleiar i Norges Bondelag ikkje er klar over dette. Lesarbrevet Skallerud svarte på var Det er ein grunn til at mat vert billeg, Dagbladet 22.mai 2012. Lesarbrevet til Skallerud ligg, meg bekjent, ikkje på web. Lat oss kikke på fakta: Norske standard slaktekyllingar blant anna blir gitt Narasin i fôret. Narasin er eit ionofor-polyeter antibiotika, også omtalt som koksidiostatika. At Skallerud ikkje er klar over dette, er underleg. At ho ønsker å benekte det, er interessant. Å hevde at narasin ikkje er antibiotika er bortforklaring eller mangel på medisinsk kunnskap. Sjølv EUs vitenskapskomté for mattrygghet har vurdert det som antibiotika.  Dette skriv komiteen: OPINION OF THE COMMITTEE: Narasin is a polyether ionophore antibiotic." Ein kan ta seg i å lure på om Bondelagets 2.neste...

Den stolte hane bløffer om bur

Den stolte hane påstår dei ikkje sel egg frå høner i bur. Dette er ein bløff. Kikk på bura, som Den stolte hane omtaler som "ikkje eit bur": Jepp, som du ser er dette ein real forbrukerbløff frå Den stolte hane si side. For fleire fotos av bur som visstnok ikkje er bur, klikk her . Kikk også på videoer av bura og bedøm sjølv om Den stolte hane bløffer oss om bur eller ei. Cardinal Foods, som eig Den stolte hane, skriv i sin årsrapport for 2009 : "Vi er godt tilpasset morgendagens krav til produksjon og som eksempel har våre produsenter av egg allerede tilpasset seg forbudet mot burhøns som vil komme i 2012." Nei, kjære Cardinal Foods. Det er ikkje eit forbod mot burhøns, men eit forbod mot den gamle typen bur som har tredt i kraft. De bløffer forbruker. Lat oss sjekke kva Mattilsynet seier om saken: "Forbud mot bruk av tradisjonelle bur til verpehøns fra 1. januar 2012".   Dei seier ingenting om forbod mot bur. Det er det Den stolte ...

Bur for verpehøns framleis lov i Norge.

Nortura og Fjørfelaget påstår at bur ikkje lenger er lov i Norge . Det er ikkje riktig. Her kan du sjå video av den nye typen bur og bedømme sjølv om du meiner bur no er lovleg eller ulovleg i Norge. Slik omtaler Animalia den nye typen bur : •Miljøinnredning vil si romsligere bur for et begrenset antall individer, med vagle, strøbad og rede. Frittgående systemer kan i tillegg være økologiske. Kikk nøye på videoen etter korleis strøbad, rede og vagl ser ut og sjå om du greier assosiere fram at det er dette det skal forestille. Fjørfelaget er sjølvsagt kjempekritiske til at Rema 1000 merker egg fra burhøns med «egg fra burhøns». Eg foreslår at leder i Fjørfelaget, David Koht-Norbye, tar seg en synssjekk. Det koster 420 spenn hos Brilleland og gir godt bursyn. Også Den stolte hane, bløffer om bur . Dei påstår dei ikkje lenger sel egg frå burhøns, men det gjer dei. Dei sel egg frå same type bur som du kan sjå i videoen under, samt på linken mellom dei to videoane. Men dei omtaler d...

Norsk kylling - søppel i alle ledd.

Godt norsk. Det er godt, det er norsk. Punktum. Men er det eigentleg det? Høyr på Her og Nå på NRK P1 idag ca halv seks. Tema: kylling med saltvatn i. Underteikna deltar. Lat oss kikke på norsk søppelmat nummer ein, kylling. Kylling er dyr som vert behandla dårleg i  alle ledd, frå dei er klekt til dei hamnar på ditt fat. Kylling er det nærmaste vi kjem levande søppel. Produsenten av kyllingar og avlsdyr som skal bli kyllingar produserer dyr som lir av kronisk svolt, veks frå organa sine og ikkje tåler eit liv i det fri. Dei er, kan vi enkelt sei, ødelagt av avl. Svoltkjensla er forstyrra. Bonden produserer levande søppel med låg dyrevelferd. Dårleg beinkvalitet, brannskader på kroppen grunna dårleg strø, bukhinnebetennelse som gjer at betennelsesvæska sprutar deg i ansiktet når du opner buken på den. Norske kyllingar er også avhengige av å få antibiotika i foret fram til eit par dagar før slakting. Dette kan skape resistens som i sin tur vert overført til den som e...

Bur for verpehøner framleis lov i Norge

I januar skreiv norske medier ei rekke saker om at no var bur blitt forbode for verpehøner i Norge. Dette var ein faktafeil. Norske verpehøner står framleis i bur, men i ein an type bur enn før. Sjekk bilete av bura her. Merk deg bilettekstane til burbileta: "hønene kosar seg", står det under dette biletet. Alle bileta er henta frå linken over. Og denne bodskapen, hønene kosar seg, greidde fjørfebransjen og Fjørfelaget lure mediene med på. Dermed fekk vi saker på trykk av denne typen: bur forbode for verpehøner i Norge. Men norske verpehøner står i bur den dag i dag. Eller kva vil du omtale installasjonen på biletet over som? Biletet under: det første her viser då altså reiret for høner i bur. Skikkelig flott reir, eller kva?  Biletet under viser då altså strøbadet hønene i dei nye bura får tilbod om. Denne måten å halde høner på er flott, ifølge fjørfelaget. Kva seier det oss om fjørfelagets syn på dyrevelferd? Spørsmålet er tabu å stille, men det er ganske ty...

Holdningar som problem i husdyrproduksjon.

Ein del mennesker som held dyr, slår desse dyra. Ein del mennesker som jobbar i slakteri, slår også dyra. Dei overdriv bruken av strømførande jageredskaper og dei skrik og bråkar. Dette er eit haldningsproblem. Mykje mishald av husdyr skuldast dårlege haldningar hos bonden. Han bryr seg ikkje. Mange av funna i rapporten om fjørfe som vart lagt fram av Mattilsynet for ei tid sidan , skuldast dårlege haldningar hos fjørfebøndene. Ikkje dårleg økonomi. Uforsvarlege transportar som transporterer kyllingar fram til slakteri, er godkjent av Mattilsynet. Kva slags haldningar har Mattilsynet som godkjenner desse dyretransportane, der kyllingar frys ihjel på vegen til slakteriet? Og kva slags haldningar har Nortura som held fram med å bruke bilane? Og kva slags haldningar har sjåføren som køyrer den? Økonomi blir ofte trekt fram som ein forklaringsfaktor, men dårleg økonomi er langt frå alltid forklaringa når pelsdyr sit i skitne bur eller kyllingar er mishaldne. Det er haldningar det g...

Tine bløffar oss om økologisk melk - oppslag i dagens Nationen

basert på ein gjestekommentar av underteikna. - Tine manglar oversikt over kva som skil økologisk husdyrhald frå konvensjonelt, skiriv veterinær Anne Viken i denne gjestekommentaren. 

#FaktaSjekkMat - faktafeil blir servert forbrukarane frå Tine, melk.no og Matprat.no om økomelk og egg

Sommaren 2010 køyrde Tine ein reklamekampanje der dei påstod at alle norske kyr går ute. Dette var, til og med ifølge Tines eigne tal, ein faktafeil. Tretti prosent av alle norske kyr i lausdrift, er aldri utanfor fjøsets fire veggar. Les om saken her. Her om dagen fekk eg tips om ein ny link hos Tine. Tittelen var «Økologisk melkeproduksjon». Teksten går slik: «Derfor er regelverket for oppstalling av økologiske melkekyr strengere enn ved vanlig drift. Det betyr blant annet krav om:» «Daglig lufting av kuene.» Dette er ein faktafeil. Fakta: Det er ikkje krav om dagleg lufting av økokyr. Det er krav om lufting to gonger i veka, og dette er kun for økokyr i båsfjøs. Det finst ingen krav om lufting av økokyr i lausdrift. «Større arealkravkrav til dyra både innom og utom hus.» Dette er ein faktafeil. Fakta: Det stilles ikkje større krav til areal for økokyr, verken inne, eller ute, samanlikna med konvensjonelle kyr. «Strengere krav ved bruk av medisinsk behandling av dyra». Dette...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...