Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai 24, 2012

Eg kjem med barnebok på Samlaget til høsten

Livet i ein ekte veterinærpraksis med hest Då onkel Kalle får sommarjobb som veterinær i den avsidesliggande Tordenbygda, reiser tretten år gamle Elise frå byen for å vere med som assistent. Der treff ho den pensjonerte veterinæren Gamle-Mathias og verdas galnaste prest. Elise er forferdeleg glad i hestar, men dei kvite hestane i Tordenbygda er ikkje som andre hestar. Ingen veit kvar dei kjem frå. Og livet som veterinær er mykje farlegare enn Elise hadde førestilt seg. Hakket for farleg. Debutboka til Anne Viken er basert på livet i ein verkeleg veterinærpraksis med ekte pasientar, ekte dyreeigarar og ekte veterinærmysterier. Aldersgruppe 10 + Omslagsdesigner er Øystein Vidnes. Meir informasjon kjem til å bli lagt ut etterkvart i høgre hjørne oppe på denne bloggen. Følg med!