Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august 28, 2010

Dårlige argument mot utbygging

Utkantstrøk har ikkje argumentasjonen i orden i kraft og vindmøllesakene. Difor snakkar ein om turistar som ikkje vil komme, samt bygd mot by. Debatten om Hardanger har blitt eit spørsmål om sentralmakta si overkøyring av lokaldemokratiet enn spørsmål om kraftlinjer. Det har også blitt ein debatt om bortskremte turistar. Lat oss vere realistiske: dette handlar ikkje om nokon av delene. Distrikts-Norge må ikkje redusere seg sjølv til turistområder og nasjonalromantiske utstillingslokale. Ein må ha betre sjølvtillit enn som så. Med dette meiner eg ikkje å sei ja til kraftlinje i Hardanger. Eg meiner å sei nei til den destruktiv «bygd mot by»-debatten. Hardangersaka handlar ikkje om bygd mot by, men om at unik natur møter problemstillingar knytt til moderne samfunnsutvikling. Det er dette ein må diskutere. Her har ein ein real mulighet til å diskutere klima, miljø og natur, ikkje krangle om bygd versus by. Ein må legge bort turistargumentet, og innover seg det faktum at dei