Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai 25, 2008

Skal du spele inn skrekkfilm? Eg har det du treng

Mange skrekkfilmar brukar skrika frå påfugl for å få til ein uhyggeleg stemning, og du er skrekkeleg heldig. Eg har det du trenger: eg har to stk påfuglar som du kan få kjøpe. Kva i alle dagar skal eg med påfugl, spør du no. Sånn bortsett frå å spele inn skrekkfilm. Folk veit lite om påfuglar, det er ikkje eit vanleg husdyr i Noreg, men eg slår herved eit slag for påfugl som selskapsdyr. Eg er veldig glad i fuglar, har hatt alle slags fuglar i mange år, og påfugl er ein definitiv favoritt. Dei er intelligente, svært interesserte i folk og likar seg helst i nærleiken av deg. Med andre ord som ein hund med stjert. Sit du ute og solar deg, kan du vere sikker på at påfuglen sit og solar seg eit par meter frå deg. Sit du ute og les, sit påfuglen like ved, og om du et, sit han omtrent på fanget ditt. Om du les høgt for den, begynner den å blande seg inn så det er ikkje så lurt. Du tenker kanskje at det er dårleg reklame for påfugl å fortelle at dei skrik så høgt at dei passar på film, men de