Eg tek ikkje sjansen på å utelatande overlate mi barnebok, Elise og dei døde hestane, til bokbutikkar. Bokbutikkane gjer ofte ein dårleg promoteringsjobb, og har eit stort fokus på bestselgarar. Difor har eg solgt boka til ei rekke matbutikkar. Boka er sjølvsagt også i bokbutikkar, samt innkjøpt av bibliotekas innkjøpsordning. Dessutan av haugenbok.no utropt til årets beste hestebok. Enkelte bokhandlarar, samt Haugenbok.no, har vore svært flinke til å vise fram Elise-boka med anbefalingar og kampanjer. Men ikkje alle lesarar går innom ein bokbutikk så ofte, og ikkje alle bokbutikkar er særleg gode på å selge bøker. Det er blant anna eit problem at bokbutikkar i bokmålsområder, som trass alt er mesteparten av Norge, ikkje promoterer nynorske barnebøker. Eg starta difor personleg innsalg til matbutikkar, og responsen var veldig positiv. Elise-boka har lenge vore å få kjøpt ved kassa på ei rekke Spar, Bunnpris-butikkar og Coop Xtra. Eg ønsker at folk skal vite om boka, og sk...