Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober 12, 2008

Mann i gata og kultureliten

Ho vassar i menn og øl og vankar på brune barar. Av og til blir ho forelska og reiser til Balkan eller Afrika, forlet mann, barn og universitet. Eg snakkar om hovudpersonen i Vigdis Hjorths siste roman "Tredje person entall", Hulda Kråkefjær. Hjorth skriv stadig om kvinner som stikk av frå ein kjedeleg mann og A4-livet med ungar og foreldremøte. Pardoksalt nok finn ein del kvinner seg nye menn, dei er avhengige av, eller elskar menn, men desse mennene er til forskjell frå ektemaken, aldri heimesittande fedre som er nøgde med TV-kos, barnemat og ytterst sporadisk sex. Og den trygge mannen med stasjonsvogn og stabilt juletre, er heller ingen attraktiv mann for Hulda Kråkefjær. Dei nye mennene i Kråkefjærs liv reiser ut som krigsreporterar, eller er professorar som flyg frå konferanse til konferanse, gjerne mest det siste. Då hovudpersonen i Hjorths bok "Hjulskift" (2006), vart kjærast med ein bilmekanikar, vart det med ein gong debatt om korleis det hadde seg at