Den stolte hane påstår dei ikkje sel egg frå høner i bur.  Dette er ein bløff.       Kikk på bura, som Den stolte hane omtaler som "ikkje eit bur":     Jepp, som du ser er dette ein real forbrukerbløff frå Den stolte hane si side.    For fleire fotos av bur som visstnok ikkje er bur, klikk her .   Kikk også på  videoer av bura  og bedøm sjølv om Den stolte hane bløffer oss om bur eller ei.   Cardinal Foods, som eig Den stolte hane, skriv i sin årsrapport for 2009 : "Vi er godt tilpasset morgendagens krav til produksjon og som eksempel har våre produsenter av egg allerede tilpasset seg forbudet mot burhøns som vil komme i 2012."   Nei, kjære Cardinal Foods. Det er ikkje eit forbod mot burhøns, men eit forbod mot den gamle typen bur som har tredt i kraft. De bløffer forbruker. Lat oss sjekke kva Mattilsynet seier om saken: "Forbud mot bruk av tradisjonelle bur til verpehøns fra 1. januar 2012".   Dei seier ingenting om forbod mot bur. Det er det Den stolte ...