Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april 15, 2009

Skal gris som ligg på betong framstillast som utegåande og glad?

Tirsdag 21.april kl 17 og utover er det duka for folkemøte med mat- og landbruksminister Lars Peder Brekk på Verftet i Bergen under overskrifta "Har norsk matproduksjon noko å tilby?" Fram mot dette møtet kjem eg til å publisere ein artikkelserie som før har vore publisert i avisa Dag og Tid om norsk matproduksjon, her på bloggen, samt skrive litt om kva eg tenker, røffe tanker, om matproduksjon. Eg er utdanna i veterinærmedisin og det er fagkunnskap og praktisk erfaring, ikkje tilfeldig synsing, eg bygger min argumentasjon på. Merkevarebløff? Først kan eg starte med å spørre: er det sant når ein framstiller norsk landbruk som idyll: utegåande griser som veltar seg i søla, høner på tunet? Er dette ønsketenkning eller forbrukarbedrag? Sjå på denne barneboka "Barnas husdyrbok" som eg kom over igår. Den er eit glimrande eksempel på eit av paradoksa i norsk matproduksjon: bileta viser gris som bader i gjørme medan sanninga om norsk gris er betonggolv, bogsår og industri...

Har norsk matproduksjon livets rett?

Tirsdag 21.april i Bergen, kl 18: folkemøte på Verftet i Bergen med professor Viktor Normann, blogger og journalist Anne Viken, Simen Staalnacke fra Moods of Norway, Bjarte Finne, kokk, og Sjur Holsen, journalist Har norsk matproduksjon livets rett? Møt opp.