21. jun. 2013

Vil du vere sikker på at melka di kjem frå kyr som har vore ute i sola? Då må du kjøpe økologisk.

Kyr i lausdriftsfjøs. Like bra som beite, meiner mange..
Sol og sommar i Norge, men norske konvensjonelle melkekyr i lausdrift har ingen krav på å få kome ut på beite, ikkje ein gong krav på å få kome ut i ein luftegard. Tines melkekartongar viser kyr på beite, sjølvsagt, dei frir til forbrukar, men fakta er at kun 10 prosent av norske kyrs fôrinntak kjem frå beite. Dette viser tal frå Tine Kukontrollen.
Vil du vere sikker på at melka di kjem frå kyr som har vore ute i sola? Då må du kjøpe økologisk.

Men det er denne tiprosenten med beite Tine bruker i si marknadsføring av melk og melkeprodukt: kyr på beite pregar melkekartongane saman med søte historier om ungar som steller dei.

Norske kyr henta i 2012 43 prosent av matinntaket frå kraftfôr. Dette viser tal frå Tine Kukontrollen.

Eit autentisk bilete av kva norske kyr et, ville ha vore eit foto av soyaproduksjon i Brasil på melkekartongane. Eller kanskje eit bilete frå aust-Europa?  

Fakta er: norske lausdriftskyr har ingen krav på utegang, og Tines eigne tal viser at tretti prosent av desse aldri er utanfor fjøsdøra.

Fakta to: norske økobønder er pålagt å ha kyr ute heile beitesesongen. Dette er eit godt argument for å kjøpe økomelk.

Fakta tre: konvensjonelle kyr i båsfjøs har krav på utegang, men kjøper du konvensjonell melk, veit du ikkje kva kyr di melk kjem frå. Har kyrne stått inne året rundt eller slepp dei ut ? Du veit ikkje.

Fakta fire: Norge er ei sinke på beitebruk. Sverige har krav om to til fire månader beite og utegang for alle melkekyr.

Til samanlikning: i 1960 henta norske kyr 32 prosent av sitt matinntak frå beite.  

Les: Noreg - ikkje eigna for kyr? Om argumentasjonen MOT at kyr skal sleppe ut sommarstid.

Call to action! Del gjerne denne posten vidare slik at forbrukar får informasjon. Ikkje alle er klar over at store deler av norske kyr aldri er utanfor døra. Informerte forbrukarar kan ta bevisste valg.

---


Ny bok vert lansert i august, spenning frå ein ekte veterinærpraksis!