I denne kommentaren (med ein påfølgande lang debattråd under, på Kunstkritikk.no raljerer Jonas Ekeberg over nylanserte Kunstforum. Eg stiller, som journalist, eit heilt enkelt spørsmål om habilitet: Kan Ekeberg, som både er intervjua og omtalt i Kunstforum, også anmelde Kunstforum? Svaret gir seg sjølv, men det ser ikkje ut til at profesjonalitet er det kunstkritikk.no set i høgsetet. Terningkast 6 på pinlighetsskalaen oppnås. Gratulerer, Ekeberg. Ekstra poeng for konspirasjonsteorien om at gammelsosialister i Klassekampen og nykonservative i Minerva samarbeider om eit reaksjonært prosjekt. Ein ting er at Ekeberg avslører sin mangel på kunnskap om Klassekampen, ein annan ting er hans gode fantasi som mikses opp i det heile. Eg gleder meg til neste utspel frå Ekeberg. Kanskje vil han neste gong påstå at Klassekampen og Kunstforum står i ledtog med paven. Kommentaren framstår som uprofesjonelt, særlig når det er ein redaktør som utviser så liten kunnskap om feltet “presse” er det litt...