Siste tida har Tine spreidd direkte løgner og faktafeil om livet norske melkekyr lever i tv-reklame, på melkekartongar og i avisreklamer. (Sidan denne artikkelen kom på trykk, har Tine resignert i dagens Nationen på kronikkplass. Så lenge Tine ikkje vil verken framlegge dokumentasjon eller innrømme faktafeil, kjem det til å kome fleire artiklar basert på at dei bevisst sprer løgn og faktafeil. Det er kanskje på tide at Tine viser litt mediestrategi). Anne Viken, veterinær artikkelen er trykt i Klassekampen som MAO-artikkel, og kjem i andre aviser i løpet av nokre dagar. Tine melks nye reklamekampanje «Kanskje verdens fineste melk», viser at Tine a) anten manglar betydelig kompetanse om norsk landbruks praksis og regelverk, eller b) simpelten spreier løgner, heilt bevisst. Både a og b er oppsiktsvekkande og underslår tilliten til Tine. I dragsuget trekk dei med seg norske bønder. På melkekartongar, irnoisk nok under ein illustrasjon kalt «Kuforsamlingen på Eidsvoll», hevdar Tine a...